text
stringlengths
0
19.4k
timestamp
timestamp[ms]
url
stringlengths
0
2.09k
source
stringclasses
4 values
Otter Highlands er ei gruppe fjelltoppar og ryggar som strekkjer seg nordvest til søraust over 17 nautiske mil (31 km) frå Mount Lowe til Wyeth Heights, vest for Blaiklockbreen og utgjer vestenden i Shackletonkjeda. Han vart kartlagd under Commonwealth Trans-Antarctic Expedition i 1957. Han vart namngjeven av United Kingdom Antarctic Place-Names Committee (UK-APC) i 1972 etter de Havilland Otter-flyet som flydde for CTAE.
2022-12-09T20:30:59
https://mapio.net/wiki/Q7109387-nn/
OSCAR-2301
Ekte selar eller øyrelause selar (Phocidae) er ei av tre hovudgrupper innanfor underordenen selar (Pinnipedia). Dei ekte selane skil seg frå pelsselane og sjøløvene i familien Otariidae i at dei ikkje har ytre øyre og ikkje kan folda bakluffane inn under kroppen og gå på dei, men i staden kravlar seg fram på magen.
2022-12-09T19:19:50
https://nn.m.wikipedia.org/wiki/Ekte_selar
OSCAR-2301
Henrik Auestad (27) frå Stavanger får oppfylt draumen om å studera ved Oxford med god hjelp frå lommeboka til Kjell Inge Røkke. Her er tips til andre som vil studera i utlandet.
2022-12-02T18:40:10
https://www.byas.no/aktuelt/i/47pL8o/henrik-27-fraa-stavanger-faar-stipend-av-kjell-inge-roekke-for-aa-dekka-studiane
OSCAR-2301
Jan Fredrik Fosse og Knutholmen må avgrense aktiviteten sin på grunn av manglande arbeidskraft frå utlandet og koronasrestriksjonar.
2022-11-28T21:36:32
https://www.firdaposten.no/knutholmen-ventar-pa-utanlandsk-arbeidshjelp/s/5-16-511713
OSCAR-2301
Nevado Sajama er det høgaste fjellet i Bolivia med ei høgd på på 6542 moh. Det er også den nest høgaste vulkanen i verda og det fjerde høgaste fjellet i Sør-Amerika. Nevado Sajama ligg i Andesfjella, og høyrer til nasjonalparken Sajama på sørvestgrensa mot Chile. Siste utbrot fann stad for om lag 10 000 år sidan. Toppen er dekt av ein iskappe, slik at vulkankrateret ikkje er synleg.
2022-12-05T22:17:25
https://nn.m.wikipedia.org/wiki/Nevado_Sajama
OSCAR-2301
Det er den internasjonale kvinnedagen, og det passar å servere vin frå kvinnehand. Gjer det noko frå eller til, om vinen er laga av ei kvinne heller enn ein mann? Kanskje ikkje for vinen, men for kvinna. Kvinner er underrepresenterte i vinverda. La dei få sin rettmessige plass ved gjæringskaret. Piker kan pigeage! Andrea Mullineux – kvinnen i kjøleskapet Mullineux er ei av mange kjærleikshistorier … Les meir Girlpower
2022-12-02T22:34:29
https://www.nattverden.com/tag/solange-tribut/
OSCAR-2301
Lajla-Margrethe Lindskog-Lund (Sp) seier Senterpartiet har gjort eit god val, men er ikkje like nøgd med situasjonen i etterkant.
2022-12-04T12:09:24
https://www.h-avis.no/a-verta-kalla-for-sure-agurkar-inviterer-ikkje-akkurat-til-samarbeid/s/5-62-872972
OSCAR-2301
Ei oversikt over alle godkjende kommuneplanar og kommuneplanar under arbeid finn du på www.ørstakart.no. Gjeldande arealdel av kommuneplanen er frå 1991. I tillegg til denne er det laga eigne kommunedelplanar for Ørsta sentrum og Hovdebygda, Bondalseidet, Vartdal og for fv655 frå Ørsta sentrum til Høgebrua.
2022-12-03T05:48:12
https://www.orsta.kommune.no/bygg-og-bu/kommunal-planlegging/kommuneplan-arealdel/
OSCAR-2301
På Austre Bokn kring 200 meter nord for Boknasundbrua ligg ei gravrøys 21 meter i tverrmål og fire meter høg. Men haugen var tidlegare ein god del større sidan jakteførarar og andre sjøfarande opp gjennom tidene henta ballasstein frå haugen.Då den gamle vegen blei lagt ovanom Trahaughuset, blei det jamvel henta masse frå haugen. Haugen er ikkje utgraven, men gullspenna frå Nerabø er venteleg frå ei sekundærgrav i haugen. Haugen bli rekna å vera reist i eldre bronsealder. Kring haugen er det òg registrert eldgamle gardfar og ein oval steinsetjing.
2022-12-07T11:01:48
https://www.bokn.kommune.no/tenester/kultur-idrett-og-fritid/prioriterte-kulturminne/19-gravroysa-pa-austsida-av-boknasundet/
OSCAR-2301
Toalettpapir er ein type av mjukt papir, som liknar på hushaldspapir. Framfor alt papiret brukt til naturlege behov på eit toalett, men òg for andre hygieniske føremål.
2022-11-26T23:00:31
https://nn.m.wikipedia.org/wiki/Toalettpapir
OSCAR-2301
Husa på tunet er bygd i ein gamal tradisjonell arkitektonisk stil på linje med resten av bygda. Den kjem frå den tradisjonelle måten å byggje gardar på i vestnorge der gardar ligg tett i tett, alle utforma med moderne komfort og personleg design.
2022-12-10T02:17:55
https://www.unionoye.no/no/rom-og-suitar/torestova/
OSCAR-2301
Vi gratulera juniorrytteren vår Elida Sletteland Soleim med ein sterk 6. plass i NM Fellsstart for Junior, som vart arrangert på laurdag. Elida var kun 23 sekund frå bronsemedalje.
2022-12-06T13:54:53
https://www.fordeck.org/blog/post/162577/elida-med-sterk-6-plass-i-nm?ispage=false
OSCAR-2301
Arauca er eit departement i Colombia som ligg aust i landet, og grensar til departementa Vichada, Casanare og Boyacá og dessutan til nabolandet Venezuela. Hovudstaden i departementet heiter òg Arauca. Oljefeltet Caño Limón ligg i departementet og står for om lag 30 % av oljeproduksjonen i landet.
2022-12-06T15:04:58
https://nn.m.wikipedia.org/wiki/Arauca-departementet
OSCAR-2301
kvar og ein blir bøygd og forma for hand, såleis får alle eit eige uttrykk og det kan vere avvik frå det som er vist på foto
2022-12-08T10:58:44
https://smykkeverkstad.no/products/fjellflora-1-oyrepynt
OSCAR-2301
Helga starta med Spiralencup i Hobøl på Hagen banen, denne blei vunne av Oddmund Dingen frå Nordhordland HK, han viste også god kasting i NC1 lørdag, der han fekk 3. plass etter Synnøve og Harald Fagerstrand frå Mino HK, søndag vann Per Dalheim frå Vallset HK NC2, Oddmund tok 2. plass og Jim Ertesvåg frå Austblæsa HK vart nr 3. I klasse 2 vann Steinar Haraldsen NC1 og Ingar Nilsen vann NC2, begge frå arrangørklubben Hobøl HK. Etter denne helga er det Jannicke Hagen frå Skjergard HK som leder norgescupen klasse 2, og Oddmund Dingen leder klasse 1. Komplette resultatlister og oversikt norgescupen 2020 finn du på nettsida: http://resultater.hesteskokasting.no/
2022-12-08T09:40:21
https://www.hesteskokasting.no/single-post/2020/06/08/f%C3%B8rste-nc-stemner-i-hob%C3%B8l-er-avvikla
OSCAR-2301
1924 Forlenga og endra namn til “Harpunen”. Skuta vart knust under skruing i isen. Mannskapet berga seg på isen og vart etter ei natt på isen plukka opp av ei anna skute.
2022-11-26T15:45:32
https://www.ishavsmuseet.no/skutekatalog/harpun/
OSCAR-2301
Tur til Vardanosi i optimalt pudderføre frå topp til botn. Litt flatt ljos, så i dag var dei siste 500 høgdemetrene med skogskøyring ekstra velkomne.
2022-12-06T06:44:28
https://turogfoto.no/foto-blogg/vardanosi-jordalen-3
OSCAR-2301
Består av ein ordinær skatt på inntekt frå petroleumsutvinning i tillegg til ein særskatt som er innført grunna den høge meiravkastninga som er knytt til utvinning av olje og gass.
2022-11-29T02:31:29
https://www.ssb.no/ajax/ordforklaring?key=337228&sprak=no
OSCAR-2301
Vi har temamøte, og har arrangert bussturar for medlemene på våren/sommaren. Biletet, som er teke ved Vassbygdvatnet, er henta frå nettstaden wikipedia.no.
2022-12-08T22:35:40
https://www.revmatiker.no/ditt-lokallag/sogn-og-fjordane/aurland-revmatikerlag/
OSCAR-2301
Pliensbachium er ein alder i epoken tidleg jura. Han varte frå 189,6 ± 1,5 til 183 ± 1,5 millionar år sidan. Alderen er kalla opp etter byen Pliensbach, om lag 30 km aust for Stuttgart i Tyskland. Mineral og fossil frå regionen er på utstilling i eit museum i Göppingen. Pliensbachium enda med ei masseutrydding kalla den toarkiske omveltinga.
2022-12-09T05:04:06
https://nn.m.wikipedia.org/wiki/Pliensbachium
OSCAR-2301
Register over registrerte eigedomar som kan omsetjast eller som vert pantsett. Kvar eigedom i registret har eit gardsnummer og eit bruksnummer. Festetomter har i tillegg eit festenummer. Eigedomsregisteret er eit nasjonalt register.
2022-12-03T07:00:51
https://www.orsta.kommune.no/bygg-og-bu/bustad-og-eigedom/eigedomsregister/
OSCAR-2301
Han vil starte gradert i arbeid frå komande veke, men varaordførar har vervet som ordførar inntil vidare.
2022-12-03T04:48:56
https://www.orsta.kommune.no/nyhendearkiv/ordforar-stein-aam-er-sjukmeldt.155521.aspx
OSCAR-2301
Kle deg god- og kom deg ut. Kulde og snø ingen hindring. Åshild Aasland er stadig på farten- og her har me eit bilde frå Arenevet. Nydelig!
2022-11-28T22:22:54
http://aail.no/2017/12/12/kom-deg-ut-i-kulda/
OSCAR-2301
Eit sagn fortel at ei sjørøvarskute ein gong for lenge sidan i ein forrykande austleg storm dreiv hjelpelaust ut Toppsundet og mot Ura mellom Lyngmyra og Finnevika. Dei kasta anker på Urgrunnen, men skuta dreiv likevel i land i Ura og vart knust til pinneved. Sjørøvarane hadde ein skatt om bord som dei berga i land og gøymde i Ura. Harry Hanssen frå Lyngmyra fann i 1948 eit gamalt anker på Urgrunnen. Det var eit par meter kjetting festa til ankeret, og han peika rett mot Ura.
2022-11-27T20:12:44
ERROR: type should be string, got "https://elgsnes.no/fortellinger/sj%F8r%F8varskatten.htm"
OSCAR-2301
Leiga vert berekna pr.dag utstyret er utleigd og maskinene skal vere tilbake seinast 0730 neste morgon. Helgeprisar gjeld frå laurdags morgon til måndags morgon. Kunden pliktar å smøre opp graveaggregatet på gravemaskinen minst ein gong pr. dag. Greas og greaspresse følgjer maskinen. Om gravemaskinen ikkje er smurt opp, vaska og fyllt opp med diesel ved retur, påbeløper det kunden eit gebyr på 2000,- kr.
2022-11-30T18:23:31
http://liftogmaskin.no/?cat=9
OSCAR-2301
Om turismen i Åkrafjorden 2020 med Nina frå Åkrafjorden Oppleving, det er og under planlegging å bygga eit nytt servicesenter.
2022-12-01T19:38:11
https://folgefonn.media/2020/10/15/dagens-sending-torsdag-151020-pa-fm-bandetinternett-og-dab-direkte-sending-10oo-12oo-reprise-16oo-18oo/
OSCAR-2301
Prins er ein tittel for eit ikkje-regjerande mannleg medlem av eit konge- eller fyrstehus. Den tilsvarande tittelen for kvinner er prinsesse.
2022-12-01T20:39:13
https://nn.m.wikipedia.org/wiki/Prins
OSCAR-2301
FOLKEFESTEN - FØRDE NED laurdag 12. marsskikrossløype i familiebakken og frå toppenuhøgtidleg konkurransekl. 12 i familibakkenkl. 14 frå toppengratis påmelding i bakken, same dagpremiar til allehamburger til alletrek
2022-12-03T03:08:20
https://sunnfjordskisenter.fordeidrettslag.no/home/index.rails?pid=24784
OSCAR-2301
Villaputzu (sardisk Biddepùtzi) er ein kommune i Italia som ligg i provinsen Sud Sardegna i regionen Sardinia. Han har 4 763 innbyggjarar.[1] Kommunen dekkjer eit område på 181.31 km²[2] og ligg i ei høgd på 11 meter over havet.
2022-12-07T10:00:25
https://nn.m.wikipedia.org/wiki/Villaputzu
OSCAR-2301
Eg tenkte at eg skulle innom og ta eit bilde av Tveit skule då eg køyrde oppover Setesdal i helga, og som tenkt, så gjort. Eg deler bildet her i kveld, seinare finn du det på Setesdalswiki også. På grunn av scanning av datamaskinen i kveld, blir det ikkje meir enn dette no. Skulen har stått til nedfalls ei stund, men no såg det ut til at nokon hadde teke tak i han og malt og fiksa ein del. Det er jo eit flott hus. Grunnen til mi interesse for skulen er at det var eit bilete av elevar på skulen for over 90 år sidan som dukka opp på Facebook med namn, og som eg la ut på Setesdalswiki. Då måtte eg jo ha ein artikkel om skulen, og til det fann eg informasjon i Norges Bebyggelse. Det vart ein liten artikkel: Tveit skule ligg like ved Austad kyrkje på Tveitemoen i Bygland, 150 meter frå Otra og 150 meter frå Riksveg 9. Bygningen er oppsett av tre i 1917-1918 og er på 90m² i to etasjar. Bygningen har fire rom og kjøkken. Skulen var ein av mange grendeskular i kommunen som ikkje lenger er i bruk.
2022-12-07T17:14:24
https://blog.setesdalswiki.no/2016/08/tveit-skule/
OSCAR-2301
Denne nettstaden vert for tida ikkje vedlikehalden. Derfor blir det heller ikkje lagt ut foto frå Myrkdalen her.
2022-11-30T10:06:23
http://myrkdalen.org/biletsider/tekstfiler/2019/20200102-kort-info.html
OSCAR-2301
Daledagane i år fekk eit underskot på 70.000 kroner, og no søkjer ein bygdeutviklingsutvalet om om økonomisk stønad til dekking av underskotet.
2022-11-29T15:59:45
https://www.vp.no/underskot-for-daledagane/s/5-134-68259
OSCAR-2301
Ordet åkle kjem frå det gamalnorske ordet àklæethi som betyr sengeteppe. Åkle er eit vove teppe med ulike mønster som varierar frå stad til stad. Åklea vart brukt som sengeteppe, dekorative bordteppe, veggpryd og som kyrkjekunst. I dag er teppa ein del av vår kulturarv. Eg har freista å ta tradisjonen vidare på min måte med mitt handverk. Mønsteret eg har valt ut er frå eit smettåkle med lange tradisjonar i Jølster.
2022-12-08T08:38:01
https://smykkeverkstad.no/products/akle-stort-anheng
OSCAR-2301
Strategien består av to delar, ein overordna og ein med meir utfyllande tekst til kvar del av strategien. Strategien kan endrast og justerast etter ønske frå styret eller organisasjonen.
2022-11-28T17:48:05
https://www.ungdomslag.no/det-skjer/folkedans/folkedansstrategi/
OSCAR-2301
Den beste anmeldelsen er at eg såg ei ca 10 år gammal jente ni-lese i den i bokhandelen, og smile frå øyre til øyre! 🙂
2022-11-30T04:41:25
https://martabreen.wordpress.com/2016/05/03/terningkast-5-i-fedrelandsvennen/
OSCAR-2301
Runaway: A Road Adventure er eit peik- og klikk-spel frå 2001, med ei spennande og stemingsfull historie og fin grafikk.
2022-12-04T22:43:03
https://filmdagbok.no/spel/runaway-a-road-adventure-2001/
OSCAR-2301
Verda fekk eit nytt land i februar – om ikkje i geografi, så i namnet. Endeleg ser ei lang strid med Hellas ut til å vera over, og innbyggjarane kan introdusera seg som frå Nord-Makedonia og ikkje det tidkrevjande kompromisset ‘Den tidlegare jugoslaviske republikken Makedonia (FYROM)’. Nattverden feirar med Vranec…
2022-12-02T22:37:19
https://www.nattverden.com/tag/weather-report/
OSCAR-2301
Spinnerokk eller rokk er ein reiskap for spinning av garn. Ein spinnerokk har eit spinnehjul som driv teinen rundt. Rokken var ei tids- og arbeidssparande nyvinning då han tok over for handtein. I Noreg skal dette ha skjedd utover på 1600-talet.
2022-12-01T23:44:53
https://nn.m.wikipedia.org/wiki/Spinnerokk
OSCAR-2301
Obstfelderprisen er ein litteraturpris innstifta av Stavanger kommune med støtte av oljeselskapet BP Norway. Prisen skal gå til ein diktar frå eit nordisk land som har eit forfattarskap av høg litterær kvalitet. Prisvinnaren skal vere frå eit av dei nordiske landa. Han blir delt ut anna kvart år og er på 50 000 kroner og eit grafisk blad. I 1999 trekte BP Norway seg som sponsor. Forsøk frå Stavanger bibliotek på å finna ein ny støttespelar har så langt feila, og prisen er derfor ikkje blitt delt ut sidan 1997.
2022-12-03T23:00:47
https://nn.m.wikipedia.org/wiki/Obstfelderprisen
OSCAR-2301
Isande kald både vinter og vår høyrest kanskje skummelt ut når ein tenkjer på herlegheiter som skal veksa opp frå jorda. Men heilt slik er det ikkje.
2022-12-06T13:12:24
https://www.sognavis.no/ser-du-fram-til-frukt-og-bar-fra-sogn-i-sommar-bondene-fortel-korleis-det-ligg-an/s/5-115-631073
OSCAR-2301
Bygland kommune ønskjer å vere ein open og transparent kommune. Som eit ledd i dette, blir kommunestyremøta streama direkte. I tillegg kan du nedanfor finne opptak frå tidlegare møte
2022-12-05T10:51:48
https://www.bygland.kommune.no/lydfiler-fraa-kommunestyremoete.523557.nn.html
OSCAR-2301
Ved anna forureining, til dømes forsøpling eller avrenning frå landbruket, ta kontakt med avdeling for næring og miljø i kontortida - tlf 61 35 25 00.
2022-11-26T11:45:42
https://www.oystre-slidre.kommune.no/oystre-slidre/kontakt-kommunen/vakttelefonar/
OSCAR-2301
close Uttrykket er ikkje ferdig utfylt eller korrekturlese, og eventuell forklåring og døme er ikkje endeleg godkjende av Talemålsgruppa
2022-12-01T19:30:20
https://vallemal.no/ord/8814/
OSCAR-2301
Her kjem resultatlister frå dagens ritt. Tusen takk til alle som bidro til meget god deltaking og topp stemning. Ein bra dag!
2022-11-26T11:43:26
http://www.orstask.no/resultatlister-fra-marine-harvest-rittet/
OSCAR-2301
X Window System, òg kalla X Window, eller berre X, er systemprogramvare som realiserer grunnleggande funksjonalitet for det grafiske brukargrensesnittet på Unix-liknande operativsystem. Det har òg ein innebygd nettverksprotokoll og kan nyttast over eit nettverk. X Window fungerer som eit maskinvareabstraksjonslag som separerer funskjonalitet frå den underliggande maskinvaren, slik at programkoden kan skrivast utan å ta omsyn til den underliggande maskinvaren (hovudkort, grafikkort, etc.). På grunn av at den siste versjonen er v. 11, vert det av og til kalla X11. X Window System ligg på botnen av eit hierarki, med ein vindaugehandsamar på nivået over og eit skrivebordsmiljø over der igjen.
2022-11-30T21:13:34
https://nn.m.wikipedia.org/wiki/X_Window_System
OSCAR-2301
Analyse av trevirket i den eldste delen viser at trea vart hogge vinteren 1157/-58. Både skipet og koret er bygd i stavteknikk og er avgrensa av ein stor hjørnestav i kvart hjørna. Kyrkja har eit heva midtrom der taket blir halde oppe av ei rad innvendige stavar (søyler). Desse stavane går frå golvet og heilt opp til taket. Opphavleg gjekk ein svalgang rundt heile kyrkja utvendig, men denne vart fjerna da kyrkja vart utvida midt på 1600-talet. Dei utskorne drakehovuda på taket er karakteristiske for kyrkja heilt frå starten. Det øvste drakehovudet på austsida av kyrkja og mønekammen over koret er kopiar, laga i 1964, av dei opphavlege dekorasjonane frå middelalderen. Originalane, som er eineståande i sitt slag, kan ein sjå i Stavkyrkjeutstillinga i Lom. Da som nå var Lom eit viktig knutepunkt mellom aust og vest. Lom stavkyrkje var ei travel kyrkje i middelalderen, og bygdefolket delte plassen med pilegrimane og anna ferdafolk som var på reise gjennom Lom. Prestgarden på Mo var den naturlege ferdmannskvila heilt til på slutten av 1800-talet da skysstasjonar og hotell overtok. Svartedauden i 1349 gjorde brått slutt på det travle middelalderlivet. Kyrkja sto uendra i nesten 300 år med nedgangstid og mangel både på menneskelege og økonomiske ressursar. Reformasjonen i 1537 førde ikkje til store endringar i kyrkjebygget, men altar, krusifiks og andre katolske symbol frå middelalderen vart fjerna. På 1600-talet vart kyrkja for lita, og i 1608 kom den fyrste ombygginga. I koret vart det lagt ein flat himling, dekorert av ein ukjend kunstnar. Korskiljet vart òg endra til slik det er i dag, og tønnekvelven over korinngangen vart dekorert med blomar og bibelske tekstar. I 1634 vart det bygd eit lafta tilbygg mot vest. Tretti år seinare var kyrkja på nytt for lita. Ein del av kvar langvegg i stavteknikk vart teke ut og flytta bakover, og det vart bygd nye veggar i mellom desse slik at kyrkja fekk ein korsarm både mot sør og nord. Dei gamle utvendige portalane frå middelalderen vart flytta med, og desse kan ein i dag sjå på endeveggane av korsarmane. Ombygginga vart leidd av Werner Olsen, kjend kyrkjebyggjar frå Ringsaker, og han gav kyrkja sitt varemerke: Eit stort sentraltårn med høgt spir og fire småtårn rundt. Lomskyrkja har ei stor samling måleri. Dei fleste er måla av Eggert Munch, presteson frå Vågå og fjern slektning av den seinare så berømte målaren Edvard Munch. I 1793 nådde akantus-utskjæringane Lom stavkyrkje. Jakup Sæterdalen frå Lia i Lom skar nye felt med akantus som vart lagt utanpå dei måla flatene på renessansepreikestolen frå 1669, slik at han fekk den rike barokkutsmykkinga vi ser i dag. Han skar òg baldakinen over preikestolen og ein ny korboge over inngangen til koret.
2022-11-28T01:44:27
https://lomstavechurch.no/om-lomskyrkja
OSCAR-2301
alle klubben sine IKT system, på øvste administratornivå. Unnateke frå dette er tilgang til nettbank og Altinn
2022-11-27T07:50:37
https://www.sportsklubben.no/les-klubbhandboka/systemansvarleg
OSCAR-2301
Stake ved Håkonsholmen. Stanga er 134 cm høg og ser ut til å vere laga av ein gamal aksling. Stanga har ein mutter i toppen.
2022-12-04T08:42:48
https://kystreise.no/detaljer/3983/Stang-Haakonsholmen/
OSCAR-2301
Etter ein litt roleg periode er vi i gang att med organiserte treningar frå mandag 13 oktober. Sjå på menyen under treningstider. Som i fjor vil Gfil organisere middag for våre utøvarar torsdagar. Middagen kjem frå vår gode sponsor Gloppen Hotell og vert servert i kantina 1530 kvar torsdag. Dette som eit viktig bidrag til at utøvarane skal yte på treningane, ha eit sunt og godt kosthold og vite at vi i Gfil bryr oss. Det blir nok ein artikkel om dette når vi har starta opp ! Vi går inn i eit supert år for gloppenfriidretten. JrNm på heimebana vår - Byrkjelo stadion ! Dette vert sjølvsagt tema utover treningssesongen. No går vi inn i ein viktig grunntreningsperiode. Fellestreningar er dei viktigaste suksessfaktorane for ein klubb. Treningane skapar lagfølelse og samhold. Velkomne til trening !
2022-11-28T19:16:35
https://www.gloppenfil.no/blog/post/18762/gfil-starter-treningane-mandag-13-oktober
OSCAR-2301
1911: Andreas E. Røren var skipper. “Fri” blei kapra av engelskmennene og beordra til Kirkwal. Ja vel, sa skipper Andreas Røren og gjekk rett til Ålesund. I 1913 “Fri” endrar dette året namn til “Alheim”. Ei forklaring på namnet skal vere Allheim som tyder verda / universet. 3. juli 1916 misser “Alheim” ein mann på overseglinga frå Grønland til Noreg. Skorsteinen på skuta måtte fjernast før storbommen kunne svingast over. Under arbeid med dette, på veg nedatt frå hyttetaket, kjem bommen susande, den slår av bommstopparen og seglet slår seg heilt over. Bommen trefte ein av karane i brøstet og feia han på sjøen. Truleg var han svimeslegen, han tok ikkje til bøya som vart kasta til han. Dei fekk raskt båt på vatnet, men han var ikkje å finne igjen. april 1920 gjekk “Alheim” frå Ålesund med kurs for Vesterisen. Det var det siste ein såg av skuta, “Alheim” forsvann utan spor med eit mannskap på 9.
2022-12-01T03:54:45
https://www.ishavsmuseet.no/skutekatalog/alheim/
OSCAR-2301
11/12-75 er eit konsertalbum av den norske rockegruppa Prudence. Opptaket er frå den legendariske avskjedskonserten på Studentersamfundet i Trondhjem i desember 1975. Eit dobbeltalbum vart gjeve ut i 1976.
2022-12-10T02:26:42
https://nn.m.wikipedia.org/wiki/11/12-75
OSCAR-2301
På Snorre A bles det i ettermiddag orkan, 72 knop. Aukande vind frå midt på dagen og utover ettermiddagen.
2022-12-01T23:48:21
https://www.kalvaag.com/2011/12/torden.html
OSCAR-2301
Bedale er ein marknadsby i grevskapet North Yorkshire i England. Han har kring 4500 innbyggjarar og ligg 55 km nord for Leeds, 42 km sørvest for Middlesbrough og 11 km sør for Northallerton. Opphavleg låg Bedale i Richmondshire og i Domesday Book er han ført opp som ein del av Catterick wapentake, som òg vart kalla Hangshire (oppkalla etter Hang Bank i Finghall).
2022-12-06T07:49:05
https://mapio.net/wiki/Q813810-nn/
OSCAR-2301
I det store fylket Hedmark er det ei mengd sjøar, tjørner og lokar. Namna på dei er emnet for denne boka. Ho gjev oversyn over allmenne tilhøve ved innsjønamna i fylket og oversyn over namna i kvart namn i alfabetisk rekkje. Her kan ein lesa om namn som Avlamptjørna, Femunden, Fløgsjøen, Harptjernet, Hestotjørna, Møkeren, Nugguren, Næra, Sjusjøen, Stubbandtjørna, Skjølungen, Åmetatjørna og om ei mengd andre namn frå A- til Å-. Uttale og skriftformer blir nemnde, og det blir drøft korleis namna kan tolkast. Boka byggjer på kart- og terrengstudiar, på granskingar i arkiv og ymis litteratur og på samtaler med folk frå heile Hedmark. Dette bandet om Hedmark er nr III i ei rekkje. Band I og II tok for seg Oppland og Buskerud. Dei var skrivne av Gustav Indrebø og kom ut i mellomkrigstida.
2022-11-28T15:27:23
https://novus.no/en/products/100239
OSCAR-2301
I ei rekkje elvar blir det meldt om ein betring denne sesongen, men nokre vart prega av kald og stor vassføring.
2022-11-28T16:09:20
https://www.sognavis.no/opptur-for-fleire-av-lakseelvane-nesten-ei-dobling-av-fangsten-i-lardalselvi/s/5-115-496383
OSCAR-2301
Her er det òg gatekjøken. Kjøp deg mat eller ein is på veg til eller frå fjellet, eller få ei god pause frå bilkøyringa midt i Lom sentrum.
2022-12-07T07:45:39
https://www.visitjotunheimen.no/opplev-jotunheimen/esso-lom-bensinstasjon-p4008373
OSCAR-2301
Christina Mediaas (f. 1969, Noreg) er omsettar og tolk. Ho har mellom anna omsett bøker av Alain Badiou og Rachid Benzine frå fransk til norsk.
2022-12-03T05:47:19
https://www.litfestbergen.no/litfestbergen-2022/forfattarar/christina-mediaas/
OSCAR-2301
Sessa er ein kommune i distriktet Lugano i kantonen Ticino i Sveits. Kommunen har 658 innbyggjarar (2010) og eit areal på 2,87 km². Kommunesenteret ligg 393 meter over havet.
2022-11-26T09:12:57
https://mapio.net/wiki/Q68787-nn/
OSCAR-2301
Eid var ein kommune heilt nord i Nordfjord i Sogn og Fjordane. Ein person frå Eid omtalast som ein eidar. Eid grensa i sør til Gloppen kommune og Bremanger kommune, og i vest til Vågsøy kommune. I aust til Hornindal kommune og Stryn kommune. I nord grensa han til Vanylven kommune og Volda kommune i Møre og Romsdal. Eid kommune og Selje kommune gjekk frå 1. januar 2020 saman til ein kommune, som heiter Stad. Grunnkrinsane Totland, Bryggja og Maurstad i Vågsøy kommune vart òg ein del av den nye kommunen. Den siste ordføraren i Eid var venstremannen Alfred Bjørlo, som sat frå 2011 til 2019. Etter kommunevalet 2019 fekk han same verv i Stad.
2022-12-06T21:33:30
https://lokalhistoriewiki.no/wiki/Eid
OSCAR-2301
Illustrasjonar til boka "Soga om Håkon den gode". Boka er basert på eit utdrag frå Snorre Sturlason sine kongesagaer. Harald Rongevær forlag, 2001.
2022-11-29T19:08:05
https://kjerstiisdal.no/soga-om-hakon-den-gode-bok
OSCAR-2301
Nummer to i verdens beste fantasy-serie, Wheel of time. Eg likte denveldig godt, i perioder kunne eg ikkje leggja den frå meg.
2022-11-29T16:56:55
https://bokelskere.no/tekst/24453/
OSCAR-2301
Vitry-sur-Seine er ein kommune og by i dei søraustlege forstadane til Paris i Frankrike. Han ligg 7,5 km frå Paris sentrum i departementet Val-de-Marne. Byen har like over 80 000 innbyggjarar. NamnEndra Vitry-sur-Seine var opphavleg berre kalla Vitry. Namnet Vitry kjem frå det mellomalder-latinske ordet Vitriacum, og før det Victoriacum, som tyder «eigedommen til Victorius», ein gallo-romersk landeigar. I 1897 vart namnet på kommunen offisielt Vitry-sur-Seine (som tyder «Vitry upon Seine») for å skilje han frå andre kommunar i Frankrike med same namn.
2022-11-30T08:30:11
https://nn.m.wikipedia.org/wiki/Vitry-sur-Seine
OSCAR-2301
Fortidsminneforeningen på Nordmøre held kulturminnekveld i Klippen ved Kvernes stavkyrkje torsdag 8. august. Hit kjem Simen Bjørgen frå Kulturminnefondet. Han vil halda foredraget «Landet rundt med kulturminne». Her vil du få nærare innsyn i det store mangfaldet av kulturminne som vert sett i stand med økonomisk og fagleg støtte frå fondet.
2022-12-03T22:02:02
https://kulturminnefondet.no/kulturminnekveld-pa-nordmore-2/
OSCAR-2301
Laurdag 3. september vert det arrangert rulleskisprint på Mjelstad Miljø. Rennet går i fristil med prolog og heat for dei eldste (13 år og eldre). Påmelding ved start frå klokka 10:00 og start frå ca 10:30. Resultat.
2022-12-07T03:23:57
https://osteroyil.no/?mapping=13&nyhet=3236
OSCAR-2301
Brive-la-Gaillarde (oksitansk: Briva la Galharda) er ein by og kommune i Frankrike. Han er sous-préfecture i departementet Corrèze og har om lag 50 000 innbyggjarar. HistorieEndra Sjølv om det har vore busetnadar her sida 1. århundret byrja byen først å vekse på 400-talet rundt ei kyrkje tileigna Saint-Martin-l'Espagnol. På 1100-talet vart det bygd murar rundt byen og under Hundreårskrigen vart enno ein mur bygd. Desse festningane finst ikkje lenger og er erstatta av boulevardar. Kommunen hadde namnet Brive fram til 1919, då han fekk det nye namnet Brive-la-Gaillarde. Ordet «Gaillarde», som vert nytta i fransk, står sannsynlegvis for mot eller styrke i bynamnet, men kan òg referere til dei gamle bymurane.
2022-11-30T21:48:35
https://nn.m.wikipedia.org/wiki/Brive-la-Gaillarde
OSCAR-2301
All We Have er ein samleboks med det norske rockebandet Popol Vuh/Popol Ace, utgjeve i 2004. Den siste CDen på plata inneheld òg ein god del demoversjonar, konsertopptak og singlar.
2022-11-27T08:05:47
https://nn.m.wikipedia.org/wiki/All_We_Have
OSCAR-2301
Mount Barr Smith er eit slåande fjell, 1310 moh, og det nordlegaste av ei rekkje toppar langs vestsida av Denmanbreen. Det vart oppdaga i desember 1912 av medlemmar av den vestlege gruppa frå Den australasiatiske antarktisekspedisjonen under Mawson, og vart namngjeven av han etter Robert Barr Smith frå Adelaide, som støtta ekspedisjonen.
2022-12-01T09:30:47
https://mapio.net/wiki/Q6919627-nn/
OSCAR-2301
Feltstyrke, er ein vektorstorleik som blir brukt for å angje storleik og retning av den krafta som virkar på ein lekam i eit kraftfelt. Krafta er lik feltstyrken multiplisert med ein eigenskap ved lekamen som svarar til feltet, til dømes i tyngdefeltet med massen, i eit elektrisk felt med ladninga, i eit magnetfelt med polstyrken. Radioteknisk blir feltstyrke brukt som fysikalsk mål for signalstyrken på ein stad i det elektromagnetiske strålingsfeltet frå ein radio- eller fjernsynssender. Feltstyrken angjev effektivverdien av den elektriske feltkomponenten i strålingsfeltet, og blir målt i volt/meter (eller avleidde einingar). For god lokal kringkastingsmottaking bør feltstyrken vere minst 1000 mikrovolt/meter. Feltstyrken er ikkje alltid konstant. På stor avstand frå ein sendar kan feltstyrken variere sterkt pga endringar i refleksjonen frå dei ioniserte laga i den øvre delen av atmosfæren (sjå fading). KjelderEndra Feltstyrke: fysikk. (2009, 14. februar). I Store norske leksikon. Henta 7. november 2013 frå http://snl.no/feltstyrke/fysikk.
2022-11-30T14:23:59
https://nn.m.wikipedia.org/wiki/Feltstyrke
OSCAR-2301
Elativ er eit lokalt kasus som blir bruka i samiske språk frå sørsamisk til tornesamisk. I eldre litteratur blir elativ ofta kalla ablativ etter latinsk mønster. Elativ, som vi òg kunne kalle derifrå-kasus, blir bruka om fråstad og i mange andre samanhengar der ein kan bruke preposisjonen frå på norsk. På sørsamisk er den typiske eintalsendinga -ste, og ume- og pitesamisk har hovudsaklig -st. I lulesamisk og tornesamisk er den typiske endinga -s, men -st er ikkje uvanlig i litt eldre språk. I finnmarkssamisk og det nordsamiske standardsskriftspråket så vel som i austsamiske språk har inessiv og elativ falle saman i lokativ.
2022-11-27T06:20:36
https://dev.lokalhistoriewiki.no/wiki/Elativ
OSCAR-2301
Hanna Hagen Bjørgaas (f. 1985, Noreg) er frilansbiolog og skribent, opprinneleg frå Trondheim. Ho har studert friluftsliv ved Høyskolen i Telemark og har ein mastergrad i biologi frå Universitetet i Oslo.
2022-12-03T05:08:59
https://www.litfestbergen.no/litfestbergen-2022/forfattarar/hanna-hagen-bjoergaas/
OSCAR-2301
Cheshunt er ein by i Hertfordshire i England med opp under 60 000 innbyggjarar. Han er ein soveby og ein del av Stor-London storbyområde og pendlarområdet kring London, tent av Cheshunt jernbanestasjon. Byen ligg 21 km frå Charing Cross, og er ein av stadane i Hertfordshire som ligg nærast sentrum i London.
2022-12-07T09:56:56
https://nn.m.wikipedia.org/wiki/Cheshunt
OSCAR-2301
Medan eg sit og ser på NRK si minutt for minutt-sending frå Svalbard, blar eg i Den norske los og Cruishåndboka for Svalbard, og eg blar gjennom bilete frå eigne turar. Akkurat no er NRK-båten i Hinlopenstretet, og der var eg også 10 år tidlegare.
2022-11-29T01:12:12
https://fjellogfoto.blogspot.com/2020/02/
OSCAR-2301
Dale amatørfilmfestival går gjerne under namnet daff, og er ein amatørfilmfestival som har funne stad i Dale i Sunnfjord kvar sommar sidan 2005. Festivalen har hovudfokus på amatørfilmar laga av unge filmskaparar i Sogn og Fjordane, men òg filmar frå andre delar av Noreg, samt utlandet, har vorte vist på festivaldagen.
2022-12-07T16:20:37
https://nn.m.wikipedia.org/wiki/Dale_amat%C3%B8rfilmfestival
OSCAR-2301
ligg i havgapet rett nord for Stad. Om du ikkje kjem i eigen båt, må du ta ferje. Ho går i eit firkantsamband mellom Larsnes, Åram, Voksa (som har veg til Sansøya) og Kvamsøya. Du kan ta ferja frå Larsnes eller Åram. Frå Volda/Ørsta kjem du til Larsnes via Eiksundsambandet og så kan du ta ferja frå Larsnes til Voksa (ca. 30 min), Frå Ålesund tek du ferja mellom Sulesund og Hareid og så frå Larsnes. Frå Nordfjordeid og Måløy køyrer du til Åram og tek ferja rett over til Voksa (15 min).
2022-12-06T20:40:36
https://nwh.no/kart.html
OSCAR-2301
– Håpet mitt var at me skulle greia å halda nivået frå 2015, og få fem plassar i kommunestyret. At resultatet vart åtte mandat, er nesten ikkje til å tru, seier Bygdalista sin frontfigur, Knut Harald Frøland. No kan han førebu seg på ein ny periode som ordførar.
2022-11-29T15:38:15
https://samningen.no/2019/09/rekordstor-framgang-for-bygdalista/
OSCAR-2301
På under 24 timar fekk Stian Solheim (36) inn over 80 bestillingar frå folk som ville ha motiv frå Uskedalen i puslespelform. No får også Sunde og Husnes eigne puslespel.
2022-11-29T14:36:26
https://www.kvinnheringen.no/stor-interesse-for-puslespel-med-motiv-fra-kvinnherad/s/5-27-377114
OSCAR-2301
Det er ikkje kvar dag ei kvinne frå Kvam ligg an til å vinne ein gjev EU-pris. Men tirsdag 19. mai kan det skje.
2022-12-07T06:39:20
https://www.gd.no/therese-fra-kvam-kan-vinne-gjev-eu-pris/s/5-18-1121422
OSCAR-2301
Papágou (gresk Παπάγου) er ein tidlegare kommune i dei nordaustlege forstadane til Aten i Hellas. Papágou inngår frå 2011 i kommunen Papágou-Kholargós i periferieininga Nord-Aten i periferien Attikí.[2]
2022-12-02T13:44:27
https://nn.m.wikipedia.org/wiki/Pap%C3%A1gou
OSCAR-2301
Fyldig og aromatisk økologisk honning frå SnillBie, hausta frå kystlyngheia på Bømlo, der næraste nabo er villsauen -og storhavet. Området er fritt for kunstgjødsel, plantesprøyting frå landbruk, motorisert trafikk og ureining frå industri. Den gode smaken og konsistensen på honningen er eit resultat av lyngkombinasjonen biene trekker på (purpurlyng, klokkelyng og røsslyng), og omsorgsfull innhenting og bearbeiding. Honningen er kaldtappa, det vil sei at den har ikkje vore utsett for oppvarming, eller anna form for kunstige inngrep. SnillBie honning er godkjent som økologisk produkt av Debio.
2022-12-01T03:56:30
https://snillbonde.no/products/snillbie-okologisk-lynghonning-250-gr
OSCAR-2301
Eidsdal skule er ein kombinert barne- og ungdomsskule med 54 elevar. Skulen har elevar frå bygdene Eidsdal og Norddal.
2022-11-30T03:21:30
https://www.fjord.kommune.no/tenester/barnehage-og-skule/skule/skular-i-kommunen/eidsdal-skule/kontakt-oss/
OSCAR-2301
Gevinsten av eit godt kulturtilbod er vanskeleg å putte inn i eit rekneark. Difor bør ein vere varsam med kutta også.
2022-11-28T10:50:17
https://www.firdaposten.no/tor-vi-a-setje-pa-hengelasen-her/o/5-16-646005
OSCAR-2301
Malmö Redhawks er ein idrettsklubb i Malmö i Sverige. Klubben vart skipa i 1972 som Malmö IF, og vart svenske mestarar i ishockey for herrer i 1992 og 1994.
2022-12-01T10:16:11
https://nn.m.wikipedia.org/wiki/Malm%C3%B6_Redhawks
OSCAR-2301
Eit poprockband frå Bergen/India som det verkeleg svingar av. Open kiosk med dei tilboda som er der av drikke.
2022-12-04T00:58:32
https://visithaukeli.no/arrangement/konsert-med-9-grader-nord/
OSCAR-2301
«Say It With Love» er ein song frå 1991 av The Moody Blues frå albumet Keys of the Kingdom. Songen er skriven av Justin Hayward og var den første singelen frå albumet, gjeven ut i juni 1991 med «Lean on Me (Tonight)» som B-side. Singelen selde forholdsvis bra og nådde 22. plass på Mainstream Rock-lista i USA i 1991.
2022-12-04T18:18:15
https://nn.m.wikipedia.org/wiki/Say_It_With_Love
OSCAR-2301
Rickenbach er ein kommune i distriktet Münchwilen i kantonen Thurgau i Sveits. Kommunen har 2 510 innbyggjarar (2009) og eit areal på 2 km². Kommunesenteret ligg 550 meter over havet.
2022-12-09T07:01:35
https://nn.m.wikipedia.org/wiki/Rickenbach_i_Thurgau
OSCAR-2301
Ein ny storkommune bør ligge unna Sunnfjord-namnet, om han berre består av tre-fire kommunar, meiner floraordføraren – og får støtte frå ekspert-hald.
2022-11-28T11:28:10
https://www.firdaposten.no/lokalnytt/kommunereforma/flora/ligg-unna-sunnfjord/s/5-16-78606
OSCAR-2301
Har du ikkje fått premien din? Slapp av! Den står no på premiehylla mi til erstatning for den flotte pokalen eg har gitt frå meg til Anita. Eit imponerande syn for ein høgfjellskamerat med bare fire sesongar bak seg. Som takk for lånet har eg tenkt å bringa den på døre ved eit passande høve.
2022-11-27T08:13:59
http://supercupen.com/27sesong.htm
OSCAR-2301
Det er ein føresetnad med samtykke frå båe føresette. Det vil bli eit samarbeid med skulen om å innhente dette.
2022-11-27T08:57:16
https://www.vinje.kommune.no/vaksinering-av-12-15-aaringar.6407409-538483.html
OSCAR-2301
er ei elektronisk samling av nynorske tekstar og omfattar per i dag omkring 102 millionar ord. Korpuset inneheld skjønnlitteratur, avistekstar, tidsskriftartiklar, læreboktekstar, religiøse tekstar og tekstar frå offentleg målbruk. Tekstane du kan søkje i, spenner frå 1870-åra og fram til i dag, med hovudvekt på dei siste femti åra.
2022-12-07T20:25:01
http://no2014.uio.no/korpuset/
OSCAR-2301
Eit filmatisk essay, i form av ein tolvtaktars blues, der robotstemmen kallar og bulderet frå destruksjonskreftene svarar. I dialog med Freuds tankar om dødsdrifta utforskar filmen livsvilkåra i ein kald visjon av vår hovudstad. Boom! Wizz! Kapow!
2022-12-09T15:44:41
https://filmarkivet.no/film/details.aspx?filmid=400572
OSCAR-2301
Seljord Camping og Badeplass er ein koseleg familievenleg campingplass som ligg ved rv 36, 500 m frå E134 og berre 1 km frå Seljord sentrum. Me kan tilby gjestene våre ei herleg sandstrand med svaberg, robåt-, kano-, og tråbåtutleige, leikeplass, sandvolleyballbane, flotte turområde og brygge. Mange fine teltplassar. Hyttene våre har god standard, og me har mange fine plassar til campingvogner og bobilar. Medlem av NBCC.
2022-12-06T13:25:44
http://www.seljordcamping.no/frontpage/articles?mainmenu=294
OSCAR-2301
– Me som er litt opp i åra har lyst til å sjå folk, og ikkje verta plassert bak ein haug kor ein ikkje ser verken sol eller måne, seier Kjell Hauge.
2022-12-03T20:14:45
https://www.strilen.no/nyheiter/i/Bj4MpQ/vil-flytta-dei-planlagde-seniorbustadane
OSCAR-2301
Går det an å omsette absurdisme til eit faktisk levesett? Kvar hamnar ein dersom ein reindyrkar inkonsekvens og det idiotiske? «Stupet og handa» er ein framtidsroman om korleis ein ung diabetikar reagerer når ei stor hand grip inn i livet hans, om korleis han vert kjend med ein annan diabetikar som i tillegg er naken, og om planane dei legg for å stele insulin saman. I eit språk som kan gi kjensla av å sjå ein Buster Keaton-film, blir ein vitne til ein skilsettande flytur over Atlanteren, til eit Disneyland dei færraste enno kjenner. Dette er ein baksidetekst som liknar andre baksidetekstar, på ein roman som liknar på få andre romanar. Gripande og forbløffande, om livet på utsida av røynda og innsida av realiteten.
2022-11-29T17:56:13
https://www.tronsmo.no/bok/9788205544369/
OSCAR-2301
12 danseleiarar frå Sør Rogaland møttes i Siddisstova laurdag 22. oktober til nyttig utveksling av erfaringar og inspirasjon for kvarandre. Det var danseledarar frå fleire danselag på Jæren, som har ganske ulikt repertoar på øvingane sine. Alle fekk lære noko nytt og det blei ein god diskusjon om korleis auke samarbeidet mellom laga. Vi fekk og sjå filmar av tradisjonsdans frå Rogaland. Det var spennende å prøve å danse Mazurka og Pariser slik det blei gjort i tradisjon.
2022-12-08T21:56:26
http://rogaland.ungdomslag.no/dans/vellukka-motivasjonssamling/
OSCAR-2301
Endeleg er hausten her. Med det norskaste av det norske. Epla i Hardanger vert hausta og pressa til dei edle dråpane i Eplejuice frå Hardanger. Mange er spente på smaken i år, som på sjarmerande vis varierer frå år til år. I år er det 20. året sesongfavoritten er tilbake. Blandinga av middels fyldige Aroma-eple, syrlege Summerred-eple og den karateristiske aromaen frå Gravenstein-eple gjev ein heilt særeigen smak. Til juiceelskarane som vil ha kortreiste råvarer med unik kvalitet. Den vakre og storslegne naturen er her kombinert med stolt kunnskap, som har gått i arv gjennom generasjonar, til det du held i handa no. Visste du at eit lite glas (1,5 dl) med Eplejuice frå Hardanger gjev deg 1 av 5 om dagen? Kvifor ikkje starta med noko av det beste naturen har å by på?
2022-11-26T13:02:46
https://www.tine.no/merkevarer/sunniva/artikler/endelig-er-eplejuice-fra-hardanger-i-butikk
OSCAR-2301
Refillen frå Skandinavisk gjer nytt liv til din duftspreder. Refillen inneholder 200 ml og beregnes å vare i opptil 3 måneder.
2022-12-09T19:50:39
https://snorbutikk.no/products/5337070-diffuser-refill-200ml
OSCAR-2301
Ordet høgnorsk hev vorte bruka sumtid i alle høve frå tidleg på dette hundradåret. Etter umgripsfestingi i Norsk Allkunnebok er det ei nemning for «mynstergildt nynorsk skriftmål på Ivar Aasens grunnlag» (Per Thorson). Ordet kom serleg inn i skriftlivet etter ei utgreiding av Torleiv Hannaas i Norsk Aarbok i 1922, «Høgnorsk eller flatnorsk», der me m.a. finn ordleggjingi: Aasen «lyfte sitt lysande merke: Eit høgnorsk skriftmål, nyreist frå roti av, bygt på dei beste bygdemåli, utan umsyn til dansken». Hannaas legg dessutan vekt på arven frå folkevisemålet, og han dreg fram gamalnorsken, det norrøne målet, til ei styrkjekjelda og ei upprikingskjelda «som me aldri kann ausa nok av». Han tenkte likevel ikkje på atterreising av det gamle målet. Flestalle som hev reikna seg for høgnorskfolk hev halde på i-målet, men ikkje slett alle. Ein mann som Kristoffer Uppdal sokna til a-mål, men han studde ein vyrdsla fastbygd nynorsk, og på lang sikt tenkte han seg kanskje at i-formene kom til å få sterkaste romet i skriftmålet. Knut Liestøl var høgnorskmann. I alle høve til dess at han vart innfanga av stridane kring 1938-målbrigdet, då han på skulestatsrådsplass, kanskje meir og mindre nøydd og tvinga, kom til å løysa ut krefter som han snart ikkje rådde med, og som truleg gjekk andre vegar enn han hadde vona. Utan at me gjeng djupt inn på spursmålet kann me kanskje segja at høgnorsken stend yver – men ikkje i motsetnad til – målføri, i den meining at høgnorsken rett nok byggjer på det norskrøtte tilfanget i målføri, men tek mål av seg til å til å vera den mynstergilde samnemnaren for målføri som Aasen tenkte seg, det norske standardmålet, nasjonalmålet, riksmålet, normalmålet, landsmålet eller kva namn me no vil bruka. I 1972 var det gjort ein freistnad på å skipa eit Sunnmøre Høgnorsklag – av Sigurd Slyngstad og Lars Festøy. Det vart litt skriving um det i nokre blad, og ei underskriftslista i Volda som studde laget, hev nærare 40 namn. Men det vart ikkje noko meir ut av det. Dei tvo upptaksmennene budde for langt undan -i Vatne på Nørdre Sunnmøre [Slyngstad] og i Romsdalen [Festøy]. Og truleg var tidi heller ikkje komi. Um målblandingstankane i 1972 nok hadde knust seg, låg det for mykje slagg att: målet skulde vera flatt og avbrigdelaust, sermerki skulde burt. Sjølve ordet høgnorsk var mistenkjeleg. Kva gale kunde ikkje gøyma seg i ordet høg? I 1990-åri er det likt til at stoda er umsnudd. Ingen hev, so vidt kjent, kome med ukvemsord mot nemningi. Tvert um. Ordet høgnorsk tykkjest hava positiv klang i dag, og ikkje minst målungdomar hev gripe tak i ordet med frygd. Mange ser venteleg i høgnorskordet eit eintydeleg og vonleg endeleg brot med den sjølvuppgjevingi, defaitismen, og utvatningi og sundrivingi av målet som fylgde med den tilsikta målblandingi. I sjølve høgnorsknamnet ligg eit program eit program som peikar i stikk motsett leid enn målblandingslina. Namnet ber bod um eit eige målalternativ på eigne føter. Ordet høgnorsk hev vore vederhefte med nokre mistydingar, og ei mistyding skal nemnast her. Det er lett å blanda i hop med eit stilslag – høgprosa, høgtideleg stil – men slik hev ordet aldri vore bruka eller tenkt bruka av nokon som hev sokna til høgnorsksynet. Høgnorsk er ikkje meir eit stilslag enn høgtysk er eit stilslag. Det er namn på eit mål eller ei målform som siktar på å halda uppe det mest sermerkte nynorske målmynsteret. Noko som ikkje tyder at det ikkje er rom for val millom visse typologiske variantar variantar innanfor høgnorsken. Høgnorsk femner, må vita, um alle stilslag – høgprosa eller høgtideleg stil, normalstil eller vanleg sakprosa, lågprosa eller kvardagsstil – og for den skuld dikt, noko det finst mange og yvertydande høgnorske døme på, hjå Aasen, Garborg, Olav H. Hauge, Aukrust, Hovden, Nygard, Blix og mange fleire.
2022-11-29T06:53:46
https://hognorsk.no/ordet-hognorsk/
OSCAR-2301
Vassås bru er ei spennbetongbru på fylkesveg 1 i Bindal kommune i Nordland. Brua kryssar fjorden Osan, ikkje langt frå Terråk. Brua er 400 meter lang og har eit hovudspenn på 160 meter. Ho vart opna i 1980, og er del av Fv1.
2022-11-30T08:29:58
https://nn.m.wikipedia.org/wiki/Vass%C3%A5s_bru
OSCAR-2301
Stangeavisa har lagt ut fine foto frå Wergelandsfesten på Tangen, 17. juni 2012. Det var og fin omtale i papiravisa.
2022-12-03T05:44:52
http://blog.suttung.no/2012/06/170612-stangeavisa/
OSCAR-2301
Ljosmesse i Jondal kyrkje 1.søndag i advent. Konfirmantane og Solstråla medverkar ved gudstenesta. Etter ljosmessa vert det som tidlegare år- truleg fakkeltog frå kyrkja og ned til Blåhuset, der ein tenner julegrana. Og etter tenning av julegrana vert det truleg Moro i Mørketid på Jonsvoll i regi Jondal Bygdelag.
2022-12-07T10:52:16
https://kvaskjerkultur.no/programoversikt/gudsteneste-27-11-22
OSCAR-2301