text
stringlengths 0
19.4k
| timestamp
timestamp[ms] | url
stringlengths 0
2.09k
| source
stringclasses 4
values |
---|---|---|---|
Rondo og det franske tilsvarande rondeau, er eit ord nytta i musikk på fleire måtar, som oftast om ei musikkform, men òg om ein karaktertype som ein finn i denne forma. Forma starta i barokken som ritornello, frå det italienske ordet ritornare som tyder «å vende attende» - som indikerer at ein vender attende til det originale temaet («A»). Eit typisk barokk ritornellomønster er ABACABA.
I ein rondo vekslar hovudtemaet (stundom kalla «refrenget») med ein eller fleire kontrasterande tema, generelt kalla «episodar» eller «mellomparti». Mogelege mønster i den klassiske perioden var ABA, ABACA eller ABACADA. Kor mange tema ein har kan variere frå stykke til stykke.
Forma vart vanleg i løpet av klassisismen, men finst òg i tidlegare verk. I klassisismen og romantikken vart han ofte nytta som den siste satsen i ein sonate, symfoni, solokonsert eller eit stykke i kammermusikk. | 2022-12-03T08:16:01 | https://nn.m.wikipedia.org/wiki/Rondo | OSCAR-2301 |
Me var ein av eit lite utval av perler i Hordaland som vart funne verdige til å representera fylket, me tykkjer det var ei stor ære:) | 2022-12-02T12:17:21 | https://storeringheim.no/nyhende/fin-omtale-av-oss/ | OSCAR-2301 |
Oddbjørn Lynghammar frå Røldal fortel om boka som snart er for salg, boka om stølane frå gamal tid og andre foretllingar. | 2022-12-08T06:26:52 | https://folgefonn.media/2019/11/26/hoyr-tysdagssendinga-261119-pa-fm-bandet-nettradio-eller-dab-sending-kl-10oo-12oo-reprise-kl-16oo-18oo/ | OSCAR-2301 |
NB! Dersom ein ikkje ønskjer at deltakaren skal være synleg på bilete/film frå Byrkjeloleikane så må ein gje oss melding om det. | 2022-11-26T15:34:35 | https://www.byrkjeloleikane.no/kontaktinformasjon | OSCAR-2301 |
12. mars var det eitt år sidan korona-pandemien førte til nedstenging i Norge. Sidan då har kvinnheringane måtta forholda seg til ei rekkje nye smittevernsrestriksjonar, og liva våre har blitt endra. Her ser du eit tilbakeblikk frå ulike nyhendesaker Kvinnheringen har skrive om pandemien og korleis den har påverka oss. | 2022-12-05T04:38:05 | https://www.kvinnheringen.no/eitt-ar-sidan-korona-pandemien-slik-paverka-det-kvinnherad/g/5-27-277518 | OSCAR-2301 |
På bilde ser vi frå venstre domarane Randi Underthun og Kåre Habbestad, med ein nøgd oppalar John Nymark bak rekordlammet. Her finn du kåringskjema. John er ein av veteranane i Ring 154, avd 7 Askøy. Han fekk sin første sau 5 år gamal, no er han 80. Dette året har har ein av risbitverane frå John kome ut med høgast indeks i ringen. 210350644 MIX NYMARK med indeks 144.
Kåringsjået på Stend var dette året eit samarbeid mellom lokallaga i Bergen,Os, Osterøy, Askøy og Sotra. Det var eit vellukka sjå med 150 lam til kåring. Takk til gjevarane av dei flotte gåvepremiane som vart delt ut til dei beste lamma. Les meir om kåringsjået på Stend i Fanaposten.
På bildet under har Helge Johnsen motteke flott traktor for NKS-lam med høgast poengsum. Lam nr 201451714 med 179 poeng. | 2022-12-09T12:18:23 | https://www.nsg.no/hordaland/nyheter/rekordlammet-gjorde-reint-bord | OSCAR-2301 |
Eg kan reint høyre minkeigar og nyhetsanker Jostein Kroksleiven seie «Jasså, døkk sit og glor» nett som han sa då han ønska sjåarane velkommen i «Flåklypa Grand Prix» no når eg vil skriva tysdagens lyarbrev – kåseri er liksom litt for fint eit ord for meg. Det kvite «arket» på skjermen får nokre teikn, kanskje eit par ord – og så les eg dei, ristar på hovudet og viskar dei ut att. Så sit eg her å glor att. Freister mane fram noko godt å dele med andre – ikkje lett å få det til på kommando. Eg vantar jo ikkje noko å skrive om, det har hendt mykje i dalen okkos dei siste vekene.
Valle skule har avslutta sommaren med ein sommaravslutning, Valle IL har hatt byttedag for sportsklede – så dei fleste har vel noko som passar greitt no, det har vore ein stor marknad og fjosopning på Heddi. Om den hendinga sa Leonhard Jansen at det vel knapt har vore så folkesomt der sidan tidleg 1700-tal då lensmannen i Valle hadde hovudsete på Oppigard Helle og tingsamlingane i Valle vart haldne på staden. Bussar frakta folk inn mellom anna frå Rogaland og Vestfold, og det var vel 5-600 menneske som hadde møtt fram. Det er ikkje alltid lett å tru at ministrane verkeleg veit kva dei helde på med, men landbruksministeren fekk visa at han veit att og fram på ein sau – og dessutan er ein kvalifisert saueklyppar.
Eg voner at det kan hjelpa honom med å klyppa ulne, politiske talar så kjerna kjem klårt fram. Det er kjend at mange politikarar er vel skorne for tungebandet, at dei kan røa godt og lenge om mykje og mangt – og vel – om ting dei kanskje ikkje veit så mykje om. Det tar tankane mine vidare til Bykle og Sarvsjuvet der Otra Kraft let Sarvsfossen få eit fritt fall over den 50 meter høge Sarvsdammen same dagen som stemnet på Heddi. Med demninga fekk og Stavenes veg frå sør, Bykle fekk flotte rasteplassar ved Otra ovafor demningen og ei utsiktsplattform over juvet med ein minnestein på nedsida av den.
Sist sundage var det Lislefarmen på bygdetunet i Bygland, husflidslaget arrangera dagen i år som tidlegare år. Her var mykje meir enn eg kan nemna, så det lyt berre bli nokre eksempel – det var bodar med mat frå Noreg og frå andre land, Bygland hornmusikk spelte, folk frå flyktningemottaket dansa, Kjersti Plathe syna hønsefuglane sine, det var treskurd og anna handarbeid i tre, og på Jeger- og Fiskarlaget si bod var det skyting.
Litt lengre attende i tida ligg den andre tysdagssendinga i år, då me feira Harald Haugland og samstundes tok avskjed med han. Det var ein spesiell kveld og ei spesiell veke som leia fram til den. Eg fekk ikkje eit einaste nei når eg spurde om folk ville delta, det vart til opptak med to som det ikkje var mogleg å nå på telefonen, og Jorunn Lund Harstad var særs god å konspirera med. For Harald måtte jo ikkje få snusen i kva den aktuelle timen skulle innehalda, må vite J Og det gjekk bra – han var eit syn då han høyrde introduksjonen frå Styrk Fjærtoft Trondsen, og ikkje mindre då kollegaen Øystein Berg kom inn i studio. Om ein ting var litt trist den kvelden, så var det at Harald sin godt planlagde sangtime vart send utan hovudpersonen og den historia han hadde laga rundt songane me høyrde. Han sat ute i sofakroken med kake, frukt og gode folk.
Harald ja, og det å take over tysdagane, eg har tenkt lenge og vel på det. Ein god Hylstring sa med rette at eg nok ikkje kunne vente å fylle skoa hans. Det hadde hylstringen rett i, det kan eg ikkje – ikkje fysisk og ikkje på anna vis. Eg er meg, ein generasjon yngre enn Harald , ikkje mann – og med nokså ulik bakgrunn, sjølv om mykje av musikken og tankane rund tru nok delas. Fysisk så veit eg ikkje kor mange par raggsokkar eg måtte hatt på for ikkje å skli rundt – mine sko nr. 41 er små sammanlikna med dei han har. Eg vil tru og vonar at tysdagsprogrammet framleis vil ha den same inndelinga som i åra føre, med Over ein open bibel frå Norea– eller ei andakt frå studio, ein sangtime – gjerne med lokale folk og musikk, ein (halv)time med aktuelt stoff og gjester på telefonen eller i studio, postludiet forsvinn heller ikkje – eg kjem nok til å nytta ein del korsong, medan Niklos K. Besteland får med seg Henrik West i staden for Harald. Men eitt er eg viss på, for at det skal fortsetta å vere ein god radiokveld treng eg dykk og tips om kven og kva som kan vere interessant. | 2022-12-09T22:04:09 | https://blog.setesdalswiki.no/2016/09/fleire-par-raggsokkar/ | OSCAR-2301 |
Eg fann musikken på spotify. Tonereise ligg der med begge albuma dei har gjeve ut. Her fann eg og gospelmusikk, så det vart ganske variert etter kvart. Og så la eg til informasjon frå wikipedia. | 2022-11-26T22:28:43 | https://blog.setesdalswiki.no/2010/02/09/ | OSCAR-2301 |
Storegutt er eit fjell, 1465 moh, som ligg 28 nautisk mil (50 km) vest for Edward VIII Bay og 10 nautiske mil (18 km) sør for Jennings Bluff. Det vart kartlagd av norske kartografar frå flyfoto tekne av Lars Christensen-ekspedisjonen i 1936–37 og vart namngjeven Storegutt. | 2022-11-27T16:22:02 | https://mapio.net/wiki/Q6923884-nn/ | OSCAR-2301 |
Med verknad frå 1. januar 2020 vert det fastsett følgjande nye husleigesatsar i kommunale gjennomgangsbustader per. månad. | 2022-12-04T13:06:07 | https://stryn.kommune.no/prisar-1/husleige-trygde-omsorgs-og-sosialbustadar.1328.aspx | OSCAR-2301 |
Ut på tur, aldri sur – åleine. Korleis behandlar norske reiselivsbedrifter folk som reiser åleine – og korleis kan vi få konkurransefortrinn? Når livet av og til tek ein sving som ein ikkje hadde planlagt, står ein plutseleg att åleine… | 2022-12-10T09:10:34 | https://lovfall.com/category/produktutvikling/ | OSCAR-2301 |
Gloppen kommune er ikkje ansvarleg for kyrkjevalet, men dette vert avvikla samtidig med kommunestyre- og fylkestingsvalet. Sjå heimesida til kyrkja for meir informasjon. | 2022-12-06T18:35:27 | https://gloppen.kommune.no/tenester/politikk-og-mote/val/kyrkjevalet/ | OSCAR-2301 |
Hameln (engelsk og spansk Hamelin) er ein by i Tyskland i delstaten Niedersachsen med om lag 60 000 innbyggjarar. Byen ligg ved elva Weser.
Hameln ligg òg ved foten av dei omliggande fjella Weserbergland, som er ein populær stad for fotturistar og syklistar.
HistorieEndra
Byen er kjend for folkeeventyret om Rottefangaren frå Hameln (tysk Rattenfänger), ei mellomaldersoge som fortel om tragedien som råka byen i 1284. Utgåva som vart skrive ned av Grimm-brørne er svært populær, og er òg emne i eit kjent dikt av Robert Browning. Sjølv om gamlebyen frå mellomalderen er vakker, er hovudattraksjonen soga om rottefangaren. Kvar søndag om sommaren vert stykke framført av skodespelarar på dei autentiske stadane.
Det vart bygd ei kloster på staden så tidleg som i 851. Ein landsby voks opp rundt klosteret og vart ein by på 1100-talet. Hendinga som soga om rottefangaren omhandlar skal ha skjedd i 1284 og kan vere basert på ei verkeleg hending, men i ei noko anna form enn i eventyret. På 1400- og 1500-talet var Hameln eit lite medlem av Hansaen.
Under trettiårskrigen i juni 1634 tapte general Lothar Dietrich Freiherr von Bönninghausen eit slag nær Hameln mot den svenske generalen von Kniphausen.
Den rikaste perioden for byen byrja i 1664 då Hameln vart ein festnings- og grenseby for hertugdømet Calenberg. I 1867 vart byen ein del av Preussen.
Etter den andre verdskrigen vart fengseleg i Hameln nytta av den britiske okkupasjonsstyrken for tyske krigsforbrytarar. Meir enn 200 av dei vart hengd der, mellom anna Irma Grese og Josef Kramer. | 2022-12-09T13:47:42 | https://nn.m.wikipedia.org/wiki/Hameln | OSCAR-2301 |
I 2004 kunne Haugesund feire 150 års jubileum. Til jubileet vart Jubileumsfilmen Haugesund 150 år produsert. Filmen inneheld ulike tema frå byen si historie. | 2022-12-05T21:17:52 | https://haugalandmuseet.no/arrangement/film-haugesund-150-ar-3/ | OSCAR-2301 |
@ eller krøllalfa er eit teikn, som mellom anna vert brukt mykje i e-postsamanheng. Då Ray Tomlinson i 1971 fann på å sende e-post mellom to datamaskiner på Arpanet og skulle velje ein måte å skrive e-postadressa på, hadde han bruk for eit teikn til å skilje personnamnet frå datamaskina (eller staden) sitt namn. Behovet var eit teikn, som ikkje inngår i eit personnamn, firma eller stadnamn, og som finst på eit normalt tastatur.
På engelsk vert @ uttala som «at», altså ved, på eller hos. E-post-adressa [email protected] tyder med andre ord «Bill hjå Example».
I eit anna tidleg datasystem vart @ brukt til å lage linjeskift, sidan teiknet ikkje vart brukt som eit normalt teikn[treng kjelde]. | 2022-12-03T06:10:48 | https://nn.m.wikipedia.org/wiki/@ | OSCAR-2301 |
Tida flyr når ein har det kjekt vert det sagt. Det kan me bekrefte her og no! Me har hatt så mykje å halda fingrane i at me ikkje har hatt tid til (iallefall ikkje prioritert) å halde dykk oppdaterte på kva som skjer til kvardags i Hornelandsvegen. For det har ikkje mangla på hendingar! Berre les vidare så skal du få sjå… | 2022-12-07T06:55:41 | https://www.renateogespen.com/tag/madel/ | OSCAR-2301 |
Holen kraftverk er bygd i to etappar. Fyrste byggetrinn er med inntak frå Vatnedalsvatn. Dette vart ferdig i 1981. Det er to aggregat på denne strengen. Det er eit stort spenn i høgde på magasinet og maskinene må kunne køyrast med ein variasjon i trykkhøgde på 140 m.
Siste byggetrinn har inntak frå Urevatn/Reinevatn. Her har ein eit fall på 651 m. Når dette anlegget vart bygt var det pioner på bruk av Francisteknologi på slike trykkhøgder. Utløpet frå stasjonen er i Botsvatn. Vatnet som går gjennom denne stasjonen vert tilgjengeleg for bruk i Brokke Kraftverk. | 2022-12-02T23:53:55 | https://www.otrakraft.no/kraftstasjonar/holen-kraftverk-article333-1060.html | OSCAR-2301 |
Sognebunaden er ein av dei vakraste i landet. Sognebunaden er ein vidareføring av kvinnedrakta slik vi kjenner den frå bilete og bevarte drakter og draktplagg frå slutten av 1700-tallet og frå førre århundre. I 1820 teikna Johannes Flintoe Sognekvinner i forskjellige stakkar og liv med skjorte eller trøye inni. | 2022-12-07T11:24:50 | https://sognebunad.no/innhold.htm | OSCAR-2301 |
setje saman og lage frukost, skulemåltid og mellommåltid i tråd med tilrådingar for eit sunt kosthald frå helsestyresmaktene | 2022-12-07T10:09:58 | https://www.udir.no/kl06/MHE1-01/Hele/Kompetansemaal/etter-4.-arssteget | OSCAR-2301 |
Fram til 1934 var det ikkje orgel i Valle kyrkje. Då kjøpte kyrkjelyden eit brukt orgel. Det kom frå Vår Frelsers Gravlunds kapell i Oslo og var bygd i 1882. Det var lite, hadde bare fem stemmer i manualet og ein i pedalen.
I 1968 bygde Vestlandske Orgelfabrikk eit orgel med to manual der dei brukte om att pipene frå 1882. I tillegg kom det nye piper laga av svært billeg materiale. Det var lite haldbart, så då Hylestad hadde fått eit flott orgel i 1991, tok ein til å tenkje på å få nytt orgel også i Valle.
Det orgelet som no står i Valle kyrkje, vart bygd i 1997 av Orgelmakereij Steendam frå Nederland. Det var ei utfordring å få på plass orgelet, for det er ikkje høgt under taket, så ein kunne ikkje få oververk, men måtte lage eit sideverk. I tillegg var ikkje galleriet djupt nok, så ein måtte forlenge galleriet med 90 cm. Når du ser bilete av orgelet, ser du at det strekkjer seg ut over kanten av galleriet. Orgelet fekk 18 stemmer og fungerer godt både til å akkompagnere sang og til å gje konsertar. Klangen tar utgangspunkt i det som var karakteristisk for den nederlandske orgelbyggingsstilen frå midt på 1800-tallet, altså den tida kyrkja vart bygd. Det har eit kraftig hovudmanual og eit svakare andremanual. | 2022-12-03T19:30:29 | https://blog.setesdalswiki.no/2016/06/orgel-i-valle-kyrkje/ | OSCAR-2301 |
Her ser du noko av sølvet som høyrer til damebunaden. Her er sølvet frå Fjordsylv i Vik. Lenger nede på sida ser du litt av sølvet frå Sylvsmidja på Voss | 2022-12-10T07:59:33 | https://www.sognebunad.no/sider/damesolv2.htm | OSCAR-2301 |
M/F «Fusa», seinare MF «Hatvik», var ei bilferje levert for Det Midthordlandske Dampskibsselskab i juli 1949.
Ferja vart bygt ved Skaalurens Skibsbyggeri i Rosendal. Ferja gjekk inn i ruta Hatvik-Venjaneset fram til 1956, og frå 1956 til 1962 gjekk ho i sambandet Mundheim-Løfallstrand. I januar 1962 vart ferja seld til Hardanger Sunnhordlandske Dampskipsselskap og gjekk attende til ruta Hatvik-Venjaneset. I 1969 vart ho omdøypt MF «Hatvik». Ferja gjekk i rute til 1974. Ho gjekk òg stundom i ruta Skånevik-Utåker-Matre. Somrane 1972 og 1973 vart ferja nytta i ruta Jondal-Tørvikbygd.
I mai 1974 vart ho seld til Rolf Jostein Trovåg og fekk namnet «Nårasund». Ho gjekk då i rute Daløy-Nåra fram til 1979, då ho fekk namnet «Nåra».
Kva som skjedde vidare med ferja er usikkert. Ho skal ha søkkt i 1980-åra, men er i mai 2011 framleis registrert i norsk skipsregister. | 2022-11-28T16:19:06 | https://nn.m.wikipedia.org/wiki/MF_%C2%ABFusa%C2%BB_(1949) | OSCAR-2301 |
Hopp frå enden av kaia og følg steinfyllinga mot høgre. Fin plass til nattdykk, der ein ofte kan treffe på mykje fisk, krabbe og hummar. Dybder frå 18 meter til 27 meter på skillet mellom sandbotnen og steinfyllinga lengst borte. | 2022-12-05T10:25:42 | http://www.heroydk.no/index.php/mjolstadneset | OSCAR-2301 |
Tiden Norsk Forlag har fått laga fine små videoar med haustens forfattarar. Her er eit ørlite utdrag frå prologen i Sigd, siste halvdel. Det er forfattaren sjølv som les, som det heiter. | 2022-12-03T14:43:33 | https://www.ruthlillegraven.no/lite-utdrag-fra-sigd-pa-youtube/ | OSCAR-2301 |
Frå 1906 til 1923 arbeidde han ved Institutt for teknologi i Roma, frå 1913 til 1939 ved Universitetet i Roma. Han føreslo i 1901 eit einingssystem, Giorgi-systemet. Giorgi bidrog òg til utviklinga av hydroelektriske installasjonar og elektriske distribusjonsnettverk. | 2022-12-04T13:23:53 | https://nn.m.wikipedia.org/wiki/Giovanni_Giorgi | OSCAR-2301 |
Morency Island er ei øy som ligg like vest for Steele Island og 10 nautiske mil (18 km) nordvest for Cape Bryant, utanfor austkysten av Palmer Land. Ho vart oppdaga av medlemmar av East Base frå U.S. Antarctic Service (USAS) som utfroska denne kysten frå land og frå lufta i 1940, kalla opp etter Anthony J.L. Morency, traktorsjåfør ved East Base. | 2022-12-03T11:46:35 | https://mapio.net/wiki/Q6911376-nn/ | OSCAR-2301 |
NB: Denne artikkelen er endå ikkje å ansjå som komplett. Har du meir informasjon må du gjerne sjølv redigere artikkelen, så vert selje.info enda betre! | 2022-12-02T17:32:39 | https://selje.info/index.php?title=Ven%EF%BF%BD%EF%BF%BDy_(Gard)&oldid=5368 | OSCAR-2301 |
Det er greit å sitte på skrevs over emnet når ein bruker hoggjernet. Då får ein god kraft over verktøyet og emnet ligg støtt. | 2022-12-01T10:27:30 | https://bryggenhandverk.wordpress.com/2015/11/20/produksjon-av-vindehjul/11-2/ | OSCAR-2301 |
Då anleggsarbeidet starta i Tyssedal i 1906, var det ikkje vanskeleg å skaffa arbeidskraft. Anleggsarbeidarar strøymde til frå heile landet, mellom anna frå Gravhalstunellen på Bergensbanen som vart fullført på den tida. | 2022-11-28T18:07:29 | https://www.kraftmuseet.no/Historiar/?archive=2020-03 | OSCAR-2301 |
Allereie frå 1. juli blir Widerøe sin tekniske base ved Florø lufthamn flytta til Bringeland lufthamn. Med på lasset følgjer alle dei fem tilsette. | 2022-12-09T20:38:40 | https://www.firdaposten.no/wideroe-flyttar-alle-teknikarane-fra-floro-til-bringeland/s/5-16-515784 | OSCAR-2301 |
Furuset Ishockey er ein norsk ishockeyklubb frå Furuset i Oslo. Klubben er ein del av Furuset Idrettsforening, populært kalla «FIF» eller «ulvane frå Groruddalen». Heimekampane spelar dei dei i Furuset Forum, som har ein tilskodarkapasitet på 1 200. Klubben låg i 1. divisjon frå 2009, dei rykte ned frå GET-ligaen 2008/09 sesongen. Store spelarar som Ketil Aurstad og Bjørn Skaare har spelt for klubben. | 2022-12-08T10:07:42 | https://nn.m.wikipedia.org/wiki/Furuset_Ishockey | OSCAR-2301 |
Mount Suydam er eit fjell, 1020 moh, som står 3 nautiske mil (6 km) vest for Clark Ridge i Anderson Hills nord i Patuxent Range i Pensacolafjella. Det vart kartlagd av US Geological Survey (USGS) frå landmålingar og flyfoto tekne i U.S. Navy frå 1956-66. Det vart namngjeve av Advisory Committee on Antarctic Names (US-ACAN) etter E. Lynn Suydam, ein biolog ved Palmer-stasjonen vinteren 1967. | 2022-12-03T15:02:07 | https://mapio.net/wiki/Q6923955-nn/ | OSCAR-2301 |
La Côte-aux-Fées er ein kommune i distriktet Val-de-Travers i kantonen Neuchâtel i Sveits. Kommunen har 453 innbyggjarar (2010) og eit areal på 13 km². Kommunesenteret ligg 1041 meter over havet. | 2022-12-09T05:09:02 | https://mapio.net/wiki/Q68526-nn/ | OSCAR-2301 |
Stråling, utstråling eller radiasjon er overføring av energi eller masse i form av bølgjer som forplantar seg gjennom rommet eller gjennom eit medium, eller i form av subatomære partiklar i rørsle.
Stråling vert oftast nytta om elektromagnetisk stråling, som radiobølgjer, mikrobølgjer, varmestråling, lys, ultrafiolett stråling, røntgenstråling og gammastråling. I tillegg har ein partikkelstråling som radioaktiv stråling, nøytronstråling og stråling av hurtige partiklar frå akseleratorar og kosmisk stråling frå verdsrommet.
KjelderEndra
Stråling. (2009, 15. februar). I Store norske leksikon. Henta 10. november 2013 frå http://snl.no/str%C3%A5ling. | 2022-12-09T09:26:03 | https://nn.m.wikipedia.org/wiki/Str%C3%A5ling | OSCAR-2301 |
Sveikadden (setesdalsk for peppersvenn) er eit tradisjonelt ljost, norsk gardsøl. Som vanleg kjenner ein den friske smaken av einerkvistar frå Bygland. Den vidgjetne kveiken frå Sigmund Gjernes på Voss gjev preg av sitrus og krydder. Ølet serverast på 6-8°C til norsk tradisjonsmat, eller som munngodt åleine. | 2022-11-27T02:48:34 | http://bygland.beer/sveikadden/ | OSCAR-2301 |
Revsnesøya er ei særeigen forgreina øy med to greiner, som ligg like utanfor Hamnenabben aust i Lützow-Holmbukta. Ho vart kartlagd av norske kartografar frå flyfoto teken under Lars Christensen-ekspedisjonen, 1936–37, og namngjeven på grunn av forma si. | 2022-12-07T13:53:52 | https://mapio.net/wiki/Q7318980-nn/ | OSCAR-2301 |
Saint-Martin er eit fransk oversjøisk område i Karibia. Det utgjer den nordlege delen av øya St. Martin. Fram til 15. juli 2007 vart området administrert som del av det franske oversjøiske området Guadeloupe, men vart då eit eige territorium. St. Martin er den minste øya i verda som er delt mellom to land, den sørlege delen, som vert kalla Sint Maarten, er eit land i Kongeriket Nederlanda. | 2022-12-02T20:32:11 | https://nn.m.wikipedia.org/wiki/Saint-Martin | OSCAR-2301 |
Grasrotandelen er ei ordning frå Norsk Tipping der du kan støtte eit valfritt lag eller forening. Ved spel hos Norsk Tipping vil 5% av speleinnsatsen din gå direkte til den du vil støtte. Du blir ikkje belasta noko ekstra, det går ikkje ut over verken innsats eller premiar. Om du vil støtte oss når du spelar Lotto eller andre spel frå Norsk Tipping, treng du berre å oppgi organisasjonsnummeret vårt til kommisjonæren når du spelar. Du kan også ordne det sjølv på www.norsk-tipping.no/grasrotandelen, eller sende gratis sms til 2020 med «Grasrotandelen 994185578» | 2022-12-02T19:15:29 | https://www.smieposten.no/grasrotandel/ | OSCAR-2301 |
Barysentrum er i matematikk eit tyngdepunkt, definert for ei samling av punkt, for ein geometrisk figur eller for fleire lekamar. Omgrepet dannar òg grunnlaget for ein spesiell type koordinatframstilling av punkt i rommet, såkalla barysentriske koordinatar. | 2022-11-27T02:24:56 | https://nn.m.wikipedia.org/wiki/Barysentrum | OSCAR-2301 |
Høle kultursogelag skriv om hølebygda si historie frå steinalder fram til i dag. Les om Ims, Bersagel, HØLE og omegn. Historiar du ikkje kunne drøyme om! | 2022-12-07T17:07:41 | https://www.forlagshusetcommentum.no/no/video/ei-bok-fra-hole-lansering-desember-2014 | OSCAR-2301 |
Leiar for sakkunnignemnda for eigedomsskatten i Kinn, Petter Refsnes, viser til at dei jobbar fagleg ut frå eit eige lovverk og er ikkje underlagt politisk kontroll. | 2022-11-28T22:40:14 | https://www.firdaposten.no/nemnda-var-skal-jobbe-utanfor-politisk-kontroll/s/5-16-485374 | OSCAR-2301 |
Ni av 12 representantar frå Sp er nye i kommunestyret, og det kan bli to blad Sperstad som ordførar og varaordførar. | 2022-11-30T23:00:09 | https://www.gd.no/valg2015/nyheter/gdnorddalen/dobbel-dose-sperstad-i-skjak/s/5-18-160618 | OSCAR-2301 |
Tørnring på sørsida av Fugleholmen. Fugleholmen ligg rett nordaust for Herøy, den gamle kyrkje- og handelsstaden. Holmen dannar eit trangt sund mellom Herøy og Smedholmen. Her finn ein mange fortøyingsboltar på begge sider av sundet. På Fugleholmen er der fire totalt, der ein av dei er plassert ut mot hovudleia som stryk forbi rett nordanfor. | 2022-12-04T16:14:26 | https://kystreise.no/detaljer/4089/Toernring-paa-Fugleholmen/ | OSCAR-2301 |
I sundet ut frå Brønnøysund ligg denne stein-kvalen. Den er ein del av kulturlanskap Nordland. Såg den ikkje sist me var her… Naturen er i ferd med å kamuflera den med skog… Første del av dagens etappe segla me fint sørvestover, men då me nærma oss Vikna stilna det og så blei det tøffel-tøffing for motor resten. Ligg fortøyd i Ramastadlandet. | 2022-12-07T02:37:46 | https://cirkeline2.org/2014/08/14/14-august/ | OSCAR-2301 |
Norsk Ordbok, ei skikkeleg gullgruve av ei ordbok, finst no i ei komplett nettbasert utgåve, frå a til å. I tillegg er nytt materiale publisert for første gong sidan Universitetet i Bergen overtok ordboka i 2016. | 2022-12-04T23:16:46 | https://www.uib.no/node/17493/news-archive/202205 | OSCAR-2301 |
Schwaz er ein by og ein kommune i forbundslandet Tirol i Austerrike. Kommunen dekker eit areal på 20,3 km² med over 13 400 ibuarar i 2016. Byen Schwaz, som er hovudstad i distriktet Schwaz, ligg 545 meter over havet og 30 km aust for forbundshovudstaden Innsbruck. | 2022-12-05T15:02:34 | https://nn.m.wikipedia.org/wiki/Schwaz | OSCAR-2301 |
Norske fiskeriministrar er ei oversikt over statsrådar i Fiskeridepartementet, no Fiskeri- og kystdepartementet, frå dette vart oppretta i 1946. | 2022-11-30T20:12:27 | https://nn.m.wikipedia.org/wiki/Norske_fiskeriministrar | OSCAR-2301 |
God morgon Sogn og Fjordane! Velkommen til tre timar med lokalradio frå fylket med musikk, nyheiter, vêroppdatering og gode historier. Du trudde kanskje at ho Dagmar var eit ferdig kapittel no, men orkanen om som herja for to år sidan fører framleis til problem. Og no vil naturvernforbundet ta grep. Å ha bruk for 30 millionar kroner er truleg ikkje særleg stas. Men det er fakta for musea i fylket - gamle synder skal betalast - mange av dei eldre bygga står nemleg til forfall Og ein kvar fiskar sin store våte draum fekk Per Arnfinn Brekke oppleve i helga då han drog på land ikkje mindre enn 22,5 kilo laks. Velkommen til morgonsendinga frå oss! | 2022-12-05T15:12:37 | https://radio.nrk.no/serie/distriktsprogram-sogn-og-fjordane/dksf01012013/17-06-2013 | OSCAR-2301 |
Gorkij er eit etternamn. Namnet kan òg verta stava Gorki eller Gorky (Горький). Byen Nizjnij Novgorod hadde namnet Gorkij frå 1932 til 1991, oppkalla etter forfattaren Maksim Gorkij. Gorkij-parken i Moskva vart òg oppkalla etter han. | 2022-12-08T06:45:28 | https://nn.m.wikipedia.org/wiki/Gorkij | OSCAR-2301 |
Ei vakkert illustrert bok med forteljinga om Jesus og borna. Tek utgangspunkt i teksten frå evangeliet etter Markus, og har med fleire element frå dette evangeliet. Boka finns både på bokmål og nynorsk. | 2022-12-10T03:28:10 | https://iko.no/boker-for-barn/jesus-og-borna-nyn | OSCAR-2301 |
Den største skilnaden frå dei fyrste festivalane til i dag, er at alt er så mykje betre organisert og profesjonelt | 2022-12-09T01:58:39 | https://www.avisa-hordaland.no/superveteranane-pa-festivalen-me-har-vore-med-kvart-einaste-ar/s/5-132-388340 | OSCAR-2301 |
Vi ser at det er nødvendig å avlaste legevakt/legesenter som har mange forespørslar frå innbyggjarar som skal ha hurtigtest. | 2022-12-09T02:30:56 | https://www.seljord.kommune.no/avlaste-legevaktlegesenter-ved-behov-for-testing.6507543-480104.html?printable=1 | OSCAR-2301 |
Stout Spur er ein knivliknande utstikkar i Queen Elizabeth Land i Antarktis som stig ned frå nordkanten av Mackin Table, 3 nautiske mil (6 km) aust for Mount Campleman i Patuxent Range i Pensacolafjella. Han vart kartlagt av US Geological Survey (USGS) frå landmålingar og flyfoto tekne av U.S. Navy i 1956-66. Han vart namngjeven av Advisory Committee on Antarctic Names (US-ACAN) etter Dennis K. Stout, ein sambandsmann ved Palmer-stasjonen, vinteren 1967. | 2022-12-03T02:04:10 | https://mapio.net/wiki/Q7620616-nn/ | OSCAR-2301 |
Onsdag kveld slutta Tonje, Martine si venninne frå Skien, seg til gjengen og vart teken vel i mot med ein av spesialitet frå Trine’s matblogg; Thaibiffsalat.
Over måltidet la me planar for neste ekspedisjon, og valget falt på panoramaturen frå Røthe ved Kinsarvik og over til Lofthus som me har så god utsikt til frå stova her i Grimo. Over frukosten neste morgon gjekk diskusjonen gjekk høgt om det var den tradisjonelle vertenesta på yr.no eller om det faktisk var Jon sin widget på smarttelefonen frå internasjonale accuweather.com som hadde den beste algoritmen for uforutsigbart vestlandsver – klesmessig vart det heilgardering med lettskya fint ver i den eine kanalen og torever i den andre. Me hadde ikkje så god utsikt over til dei bratte fjellskrentane opp mot Hardangervidda nettopp denne morgonen. Men med kongelig forsikring om ein gjennomførbar tur sette i veg mot ferja Utne-Kinsarvik.
Heilgardering viste seg nok å bli det tryggaste – skodda låg tett nesten heile turen og enkelte regnbyger innimellom, men me fekk likevel nokre glimt av fruktbygdene langs Sørfjorden. | 2022-11-28T12:46:55 | https://www.martineogjon.com/dronningstien/ | OSCAR-2301 |
Det er ikkje lenger nokon som er påvist smitta av covid-19 i Seljord kommune. I dag starta vaksinering på Nesbukti. Les meir under punktet Viktige meldingar og informasjon frå kommunen på denne sida. | 2022-12-10T02:00:07 | https://www.seljord.kommune.no/oppdatering-om-koronasituasjonen.6358516-480104.html?printable=1 | OSCAR-2301 |
Det vert fri ferdsel det meste av juli, men fjellreinskinga på E16 på Dale-sida av Dalseidtunnelen vil halda fram i heile juni og nokre veker frå 1. august og utetter. | 2022-11-29T16:00:45 | https://www.vp.no/det-gar-mot-ko-sommar-pa-e16/s/5-134-55894 | OSCAR-2301 |
«Velkomen tilbake, Jan Tore. Sist time vart vi einige om at du skulle øva på å kjøpa ordentleg vin, og ikkje dei rare tinga du vanlegvis bestiller. Korleis har det gått?» | 2022-11-30T07:01:45 | https://www.nattverden.com/tag/pet-nat-2/ | OSCAR-2301 |
Lær om korleis ein kan bygge opp mold i jorda og la mikroorganismane jobbe for deg. Høyr om erfaringar frå bønder som har testa ut regenerative metodar.
Arrangørar er Statsforvaltaren i Rogaland, Økologisk Rogaland og NLR Rogaland, med støtte frå Rogaland fylkeskommunen sine RK-midlar. | 2022-12-05T07:33:13 | https://www.nlr.no/kalender/2022/10/rogaland/fagdag-om-regenerativt-landbruk | OSCAR-2301 |
Tisjré el. tisjrí (hebraisk תשרי [tišrē] el. [tišrī]) er den sjuande månaden i det jødiske året og varar i 30 dagar frå nymåne i september eller tidleg oktober. Jødiske helgedagar i månaden tisjré er: | 2022-11-30T00:39:10 | https://nn.m.wikipedia.org/wiki/Tisjr%C3%A9 | OSCAR-2301 |
Logo for HAFS Elektro og Rør. Det var viktig for kunde at både elektro og rør vart kommunisert ut samtidig som det var ynskjeleg å bruke grønfarge frå elfag-logo. Resultatet er ein tekstbasert logo der eit støpsel og røyrdelar er integrert i utforminga. Ein tydeleg, solid skrifttype. I ettertid vart det produsert fleire element i same profil. | 2022-12-05T05:43:24 | https://www.kristinkom.no/project/logo-hafs-elektro-ror/ | OSCAR-2301 |
Korleis kan kvardagsspråket, som tar utgangspunkt i alt frå det konkrete og tinglege til djupt kulturelle fenomen – som til dømes sjølve omgrepet kvardag – bli omsett frå eit språk til eit anna? Kva om det ikkje er det spesialiserte språket som er vanskelegast å formidle på eit anna språk?
Forfattar Laila Stien omsett frå nordsamisk til norsk og Synneve Sundby omsett frå fransk til norsk. Dei møtest til samtale under leiing av forfattar og omsettar Grethe Fatima Syéd. | 2022-12-08T00:23:50 | https://www.litfestbergen.no/litfestbergen-2020/program/korleis-omsette-kvardag/ | OSCAR-2301 |
Bengtskär er eit skjer 25 km sørvest for Hangö i Finland, og er ein del av kommunen Dragsfjärd. Skjeret er den sørlegaste busette staden i Finland, og ein kan kome her med båt frå landsbyen Kasnäs. | 2022-12-01T23:21:31 | https://mapio.net/wiki/Q817249-nn/ | OSCAR-2301 |
Tom Henning Hovi (fødd 15. januar 1972) er ein tidlegare norsk fotballspelar frå Gjøvik. Han spelte venstreback for Vålerenga frå 1998 til 2006 og fekk oppnamnet «Kong Henning Hovi» av Klanen på grunn av sitt solide stopparspel og sin lojalitet til klubben. Han var kaptein på laget ein stor del av tida. Hovi er den spelaren som har spela flest obligatoriske toppseriekampar for Vålerenga, 178. | 2022-12-08T19:51:35 | https://nn.m.wikipedia.org/wiki/Tom_Henning_Hovi | OSCAR-2301 |
Halsknapp med mønster frå Nedre Hallingdal. Laga i 925S, kvit. Halsnåla er satt saman av 2 knappar med diameter på 21 mm. | 2022-11-30T23:11:31 | https://butikk2.bunadshandel.no/halsknapp-p126.html | OSCAR-2301 |
Eirin Brenna Holø (22) frå Lom var i gang med sjukepleiarutdanninga på Gjøvik. Så kjøpte ho turisthytta Krossbu saman med far sin. | 2022-12-10T02:51:15 | https://www.gd.no/lom/fjellnorge/gdnorddalen/eirin-22-er-den-nye-sjefen-pa-krossbu/s/5-18-625134 | OSCAR-2301 |
Byggverket er i tre og kyrkja har 250 plassar. Ho vart vigsla 18. november 1838 av prost Ole Berg frå Evje. Altertavla er laga av Lars Olav Stedjan frå Bjelland. Alterbileta er måla av Lars Osa. I 1925 fekk kyrkja orgel, som var det gamle frå Tolga kyrkje. | 2022-11-26T21:54:53 | https://nn.m.wikipedia.org/wiki/Bygland_kyrkje | OSCAR-2301 |
Bor er ein reiskap brukt til å lage hol i eit materiale med ved hjelp av ein roterande stav. Boret har ofte ein spiral eller ein annan mekanisme som tek borespona vekk frå holet. Det finst handheldte bor og elektriske typar, og dei er tilpassa mange føremål i storleik og materiale. | 2022-12-04T06:37:02 | https://nn.m.wikipedia.org/wiki/Reiskapen_bor | OSCAR-2301 |
Nils-Øivind Haagensen og Olav Reisop kjenner på angsten og les engstelige utdrag frå eigne og andres dikt. | 2022-11-30T14:48:19 | https://www.litteratursymposiet.no/program/all-programs/frykt-og-engstelse | OSCAR-2301 |
Eg sykla Rallarvegen i sommar – og angrar ikkje! Den over 100 år gamle anleggsvegen frå høgfjell til fjord gir flotte naturopplevingar med mykje geologi. | 2022-12-06T01:48:03 | https://www.ngu.no/en/blogg/401 | OSCAR-2301 |
Fyrlykta på Synes. Iso 4s. Lykta vart tent i 1867 etter eit lokalt initiav for å gjere det tryggare for fiskerane under vinterfisket. I 1869 tok staten over og lykta vart sett på ei omlag 3,6 m høg stang. Sjølve lykta kunne heisast opp. Ein lokal tilsynsmann frå nærmaste gard var løna for å drifte lykta. I 1872 vart det sett opp ei vaktbud ved lykta og i nærleiken av denne vart det i 1888 sett opp ei omlag 4 m høg signalmast. Her kunne tilsynsmannen signalisere til fiskarane. I 1903 stod det ferdig ein ny fyrvaktarbustad med lykta på hjørnet. Med bustad, uthus, naust og ein liten kjøkkenhage vart Synes ein ordentlig fyrstasjon som vart drive av ei familie. Lykta vart få år seinare flytta opp i eit tårn på taket av bustaden. Allereie i 1928 fekk fyrstasjonen straum frå det lokale leidningsnettet. I 1959 vart fyret erstatta av ei fyrlykt på ei betongsøyle. Fyret vart automatisert og alle bygningane teke ned og selt til private | 2022-12-04T16:00:30 | https://kystreise.no/detaljer/5690/Fyrlykt-Synes/ | OSCAR-2301 |
Gombe er ein type søtost, som tradisjonelt har blitt brukt til lefser som fest- og høgtidsmat. Gomba frå Fjellestad Gardskjøken er laga av fersk melk frå eigen gard.
Vi har produsert gombe for sal i 30 år, og sel årleg 10-11 tonn. Gomba vert forhandla av butikkar i Hordaland, Sogn og Fjordane og Møre og Romsdal. I tillegg sel vi gombe på ulike festivalar og marknadar. Det vert ikkje nytta tilsetjingsstoff i gomba frå Fjellestad Gardskjøken.
Tips! Gombe til overs? Frys den ned. Kok varsomt opp etter tining og voilá! Gomba er like god som ny. | 2022-12-05T21:45:14 | https://www.fjellestadgardskjoken.no/gombe/ | OSCAR-2301 |
Stephen Island er ei isdekt øy som ligg ved vestsida av Nickerson isbrem, utanfor kysten av Marie Byrd Land. Ho vart kartlagd frå landmålingar av US Geological Survey (USGS) og flyfoto tekne av U.S. Navy (1959–65). Ho vart namngjeven av Advisory Committee on Antarctic Names (US-ACAN) etter Alexander Stephen (1795–1875), ein skotsk skipsbyggar som grunnla selskapet som bygde skip for Ernest Shackleton og Richard Byrd på ekspedisjonane deira i Antarktis. | 2022-12-06T09:51:04 | https://mapio.net/wiki/Q7609555-nn/ | OSCAR-2301 |
Personleg økonomi, Forbrukar | Stadig fleire brukar pengar dei ikkje har: – Eg innsåg at eg hadde eit problem | 2022-11-28T11:28:50 | https://www.firdaposten.no/stadig-fleire-brukar-pengar-dei-ikkje-har-eg-innsag-at-eg-hadde-eit-problem/s/5-16-560779 | OSCAR-2301 |
I dag har eg kjøpt nye blomer (orsak, eg har valt ut, og kjærasten har betalt), og tatt fram ein ikkje heilt ny, men heller ikkje særleg gamal genser. Medan blomane vart satt i ein vase, vart genseren hengt opp og fotografert. Det var nokre fine minutt. Den slags må eg hugse å gjere litt oftare. | 2022-11-28T04:54:41 | https://fininga.blogspot.com/2011/04/mens-eg-enno-kan-hugse-deg.html | OSCAR-2301 |
Brannvesen fekk melding om røykutvikling frå vaskerom på ein brakkerigg (brukast til overnatting). Det vart funne ei vaskemaskin som var nedsota innvending, men ingen flammer eller produksjon av røyk. Personar på staden hadde teke ut støpsel frå stikkontakt. Vaskemaskinen var framleis noko varm, og den vart bore ut. Golvbelegget under vaskemaskinen var svartsvidd. Det ser ut til at flammer/varmeauken berre hadde døyd ut av seg sjølv. | 2022-12-01T04:34:21 | https://nblf.no/sol_les.asp?id=3279 | OSCAR-2301 |
Bjarte Vethe, Vossevangen CK, deltok i helga i rittet Odda-Bø. Han sat med tetgruppa heilt til 145 km var køyrd. Då rauk to eiker i bakhjulet og han måtte venta på å få nytt hjul. Då vart det for langt å henta inn att teten, og på grunn av at han ikkje er heilt fri frå forkjøling så valde han å stå av. Sjå resultat på våre resultatsider. | 2022-12-03T23:44:08 | https://www.vossevangenck.no/2012/07/bjarte-matte-bryta-odda-b.html | OSCAR-2301 |
I tillegg vert det mogeleg å bestille boka direkte frå Osterøy IL, og få den tilsendt pr. post. Ei bestilling av jubileumsboka må innehalde følgjande informasjon: | 2022-12-07T19:14:59 | https://osteroyil.no/?mapping=792 | OSCAR-2301 |
Vestland fylkeskommune inviterer verksemder heimehøyrande i fylket med på ein regional paviljong under energimessa ONS i Stavanger frå 29. august til 1. september. | 2022-12-06T01:24:12 | https://www.vestlandfylke.no/narings--og-samfunnsutvikling/bransjar-og-omstilling/energi/ | OSCAR-2301 |
Store stygge dikt er ein slags rapport frå ei ung kvinnes liv i Oslo, i perioden august-desember 2004, som og er blanda med hendingar ute i verda og med andre personar … Read More | 2022-12-03T14:54:23 | https://www.ruthlillegraven.no/skill/2005/ | OSCAR-2301 |
Obligasjon er eit renteberande gjeldsbrev som seier at innehavaren har lånt ut pengar til nokon, t.d. staten (blir da kalla ein statsobligasjon), ein kommune eller eit aksjeselskap. Vanlegvis går obligasjonar over fleire år. | 2022-12-08T00:40:15 | https://nn.m.wikipedia.org/wiki/Statsobligasjon | OSCAR-2301 |
Ein gong i 2009, det må vel ha vore då for vinar frå 2007 var komne i sal, har eg bite meg merkje i at Jean-Paul Jamet hadde ytra seg svært positivt om årgang 2007 i Rhône. Eg gjekk difor avgarde og kjøpte litt Hermitage og Côte-Rôtie. Ein oppsummering på Cellartracker viser at det er den årgangen eg har fleste flasker frå Rhône-dalen. Med åra … Les meir Ti år skilnad, ein kveld i lag: Clusel-Roch Côte-Rôtie | 2022-12-04T11:30:31 | https://www.nattverden.com/tag/clusel-roch/ | OSCAR-2301 |
Det var svært fin løping frå dei yngste som starta på Austrheimsstøylen. Førstemann opp til toppen på Svinestranda, var Håvard Klakegg frå Jølster.25,12 minutt brukte 14-åringen. Ikkje så mange vaksne som greier det same! Sjå bilete under "Galleri" | 2022-11-29T07:24:36 | https://www.fjellhugvereide.no/blog/post/88112/dei-yngste-starta-fra-austrheimsstoylen | OSCAR-2301 |
20. august 2010: Bilete frå turen på Rallarvegen med ungdomsgruppa og eldste årsklassa frå juniorgruppa. Fantastisk vêr gjorde dette til ei flott oppleving! | 2022-12-04T08:06:53 | https://foto.tertnesidrettsskole.no/2010-2011/Rallarvegen-Ungdomsgruppen/i-NhdfLcv | OSCAR-2301 |
Ved frådeling av ny grunneigedom, blir eit areal av ein eksisterande eigedom frådelt, oppretta som ein eigen eigedom (ny matrikkeleining) og tildelt gards- og bruksnummer. Den nye eigedommen blir registrert i grunnboka og i matrikkelen (eigedomsregister og eigedomskart). | 2022-12-03T09:18:26 | https://www.lesja.kommune.no/tenester/plan-bygg-og-eigedom/eigedom/deling-oppretting-av-eigedom/ | OSCAR-2301 |
Bygdeutvikling i aksjon. Pepperkakebygda er startet opp etter initiativ frå den nye dagligleiar i Ulvik Næringslag | 2022-12-01T04:14:59 | https://nyskapning.wordpress.com/category/sentrumsutvikling/ | OSCAR-2301 |
Fredag ettermiddag opnar utstillinga «Flora-album» i første etasje i Hjørnevikhuset i Strandgata. På kvelden blir det konsertar med lokale og nasjonale artistar i etasjen over, på «Hagen».
Arrangementet har fått tittelen «Ad undas, Florø?», og bak arrangementet står fire studentar frå faget Kulturfagleg formidling ved Universitetet i Bergen.
– Ad undas er eit uttrykk som vert brukt når noko er mislykka eller går til grunne, men studentane trur likevel ikkje Florø vil gå til grunne.
Utstillinga består av ei stor fotomontasje med bilde samla inn frå florøfolk sine private album tidlegare i år. I tillegg vert fleire digitale forteljingar presentert på skjerm, der eldre historier frå byen vert formidla.
Artistar som skal spele på Hagen er mellom andre Kurt-Arve Washburn, bandet Carlsen frå Bergen, Silje Larm frå Oslo og DJ tlarm. | 2022-11-30T05:11:47 | https://www.firdaposten.no/kultur/ad-undas-floro/s/1-53-4329311 | OSCAR-2301 |
Romar er ei nemning på ein innbyggjar av byen Roma i Italia. Roma var lenge hovudstad i Romarriket. Ein som var borgar av Romarriket, vart kalla romersk borgar. | 2022-12-01T10:28:53 | https://nn.m.wikipedia.org/wiki/Romar | OSCAR-2301 |
– Vi har alltid visst at å vere gardbrukar ikkje er noko ein vert rik av. Men no driv vi med tap, det kan vi ikkje fortsetje med. | 2022-12-09T02:41:16 | https://www.strilen.no/nyheiter/i/L5RpqP/boendene-slaar-alarm-vi-kan-ikkje-fortsetje-slik | OSCAR-2301 |
- Kråkeskarvet - badeplass med svaberg, stupebrett, grill og garderobar med toalett, 1 km frå sentrum i retning Simadal. | 2022-11-27T13:17:51 | https://hardangerfjord.com/eidfjord/opplevelser/badeplassar-i-eidfjord-5716613 | OSCAR-2301 |
I Røldalsspelet kjem pilegrimane langvegsfrå for å verta lækja ved krusifikset. No er det sjølve spelet om Den Lange Vegen som trekk folk til fjellbygda, og ordføraren sparte ikkje på lovorda etter premieren. | 2022-12-06T20:48:49 | https://www.hardanger-folkeblad.no/sja-kven-som-kom-for-a-oppleva-mirakelet/g/5-22-435309 | OSCAR-2301 |
På 15 år gjekk Tyskland frå å vere rikast i eurosona til å bli eit skremmebilete, før landet igjen blei Europas økonomiske lokomotiv. Korleis gjekk det føre seg? | 2022-11-28T14:57:08 | https://www.minervanett.no/tag/agenda%202010 | OSCAR-2301 |
No i 2018 markerer folkrockbandet SVER at dei har turnert i ti år som eit av Nordens beste folkemusikkband! Bandet er som ein organisk maskin når dei set saman ulike nordiske folktradisjonar og framfører dei med eksplosiv kraft. Alt frå drøymande melodiar til eggande, sveitte rytmer får plass i universet deira, alt saman drive fram med stor musikalitet og humor. Denne spesielle kvelden vil SVER markere sitt jubileum med å samle gode musikalske venner og samarbeidspartnarar dei har spelt med til å bidra saman med dei frå scenen, blanda saman med sprell nytt materiale frå skiva “Reveree” som kjem i år. Dette er ein kveld ein ikkje vil gå glipp av viss ein likar drivande folkemusikk, smektande popfolk, Folkhall eller folkrock frå øvste hylla!
Olav Luksengård Mjelva – fiol/hardingfele, Anders Hall – fiol/altfiol, Leif Ingvar Ranøien – durspel, Adam Johansson – gitar, Jens Linell – trommer, tamburin | 2022-11-27T13:20:51 | http://www.sverfolk.com/nb/show/jubileum-sver-m-kvammen-moldestad-nordstoga-snakka-san/ | OSCAR-2301 |
Sendinga i dag er frå Energikonferansen i Etne. Vindkraftmotstandar , Hildegunn Flengstad og ordf i Haugesund ,Arne Christian Mohn. | 2022-12-01T20:23:50 | https://folgefonn.media/2022/05/25/dagens-sending-onsdag-250522-pa-fm-bandet-internett-og-dab-direkte-10oo-12oo-reprise-16oo-18oo/ | OSCAR-2301 |
I samband med opning av Salmon Eye og førebuingar til storslått arrangement, vil store delar av parkeringa vera stengd utanfor rådhuset frå og med onsdag 31. august til og med fredag 2. september. | 2022-12-01T08:58:05 | https://www.kvinnherad.kommune.no/avgrensa-parkering-ved-raadhuset-neste-veke.6543419-431582.html | OSCAR-2301 |
NHF ønskjer alle eit godt nyttår. Oddmund Dingen frå Nordhordland HK toppar rankinglista med heile 28,8% klave på dei 5 beste teljande stemna, Arnfinn Austegard frå Austblæsa HK vart nr 2 med 25,33% og Stein Ove Stoddern frå Mino HK nr 3 med 25,2%. Vi gratulerer. Det var i 2021 99 kastere som deltok på stemner der NR vart notert, 31 av desse hadde 5 stemner eller fleire slik at dei var teljande i lista. Dei 20 beste ser du på utklippet under, komplett liste med detaljer finn du HER: | 2022-12-08T10:11:04 | https://www.hesteskokasting.no/single-post/norgesrankinga-for-2021 | OSCAR-2301 |
Dersom rådmannen si tilråding går gjennom vil straumrekningane til aurlendingane sjå ganske annleis ut frå nyttår av. | 2022-12-08T00:31:06 | https://www.sognavis.no/foreslar-a-auka-straumprisen-og-ta-inn-den-statlege-kompensasjonen/s/5-115-903357 | OSCAR-2301 |
Lars Anders har vore både elev og stipendiat her på skulen, og er på mange måtar ein garva Nordfjording (sjølv om han kjem frå Sunnmøre). Han likar innmari godt å gå på ski, og å slå av ein god prat med folk. | 2022-12-02T16:04:24 | https://friluftslivskulen.no/tilsette/lars-anders-hoel/ | OSCAR-2301 |
Området mellom Eidsfossen og Gloppefjorden er vide kjent for sitt gode laksefiske. Mange av dei gode laksehølane her har namn frå den tida lakselordar frå Storbritannia leigde elva på slutten av 1800-talet. Største laksen som er fiska i elva t.o.m. 1994 var 26 kg. Ved Eidsfossen, som er 33 m høg, ligg ei av verdas høgaste laksetrapper, heile 230 m lang. Innkøyrsel frå E-39. Informasjonstavle på staden. Det er dessutan mogleg å komme heilt opp til Holvikfossen frå Kleivedammen. | 2022-12-09T01:22:55 | https://www.fjordnorway.com/no/se-og-gjore/eidsfossen | OSCAR-2301 |
Om du ikkje har klyppekort, be om å få det neste gong du er på kino eller kjøper billett, då er kvar 10. framsyning gratis. | 2022-12-08T08:47:44 | https://www.vaga.kommune.no/tenester/kultur-idrett-og-fritid/kino/ | OSCAR-2301 |
Herøyspelet «Kongens Ring» er eit sogespel som vert framført fyrste helga i juli kvart år på «sagaøya Herøy» i Herøy Kommune på Sunnmøre. | 2022-12-05T06:59:50 | https://spelhandboka.no/spel/heroyspelet-4/ | OSCAR-2301 |